Avtalen har stor verdi for multidisiplin-selskapet Norwegian Group.

Kontrakten strekkjer seg over tre år, og Norwegian Group skal levere tenester innan tilkomstteknikk, stillas, NDT, måling og isolering til tre av riggane til Dolphin Drilling, Borgland Dolphin, Bredford Dolphin og Bideford Dolphin.

– Norwegian Group sitt mål er å utvide kontrakten til også å gjelde dei resterande åtte riggane som Dolphin Drilling har på internasjonal sokkel. Norwegian Group vann kontrakten i konkurranse med åtte andre selskap, seier hovudaksjonær Kay-Ove Johansen i Norwegian Group.

– Dette er eit bevis på at strategien vår for å bli totalleverandør innan multidisiplin-marknaden har lukkast. Vi har arbeidd målretta for å nå dagens posisjon. Dette vil stille større krav til organisasjonen vår, både i forhold til prosjektering og sjølve gjennomføringa av prosjektet, forklarer Johansen.

Rekruttering

Kontrakten har altså stor verdi for Volda-selskapet. Om NOG vert tildelt kontrakten for de andre 8 riggane, er det snakk om mykje større summar. Dette er den største enkeltkontrakten Norwegian Group har signert.

– Avtalen gjer at vi må ha stort rekrutteringsfokus dei neste månadene, og vi må tilsette fleire folk både innanfor operatørsegmentet og lokalt i administrasjonen. Vi vil difor starte arbeidet med å få tak i nok arbeidskraft med ein gong, seier Johansen.

– Fleksible

Cato Erikstad Gundersen, procurment and logistic manager i Dolphin Drilling, seier det er fleire grunnar til at dei valde Volda-selskapet.

– Vi opplever Norwegian Group som fleksible, noko som er viktig for oss i forhold til utfordringar i sengekapasiteten på riggane. At dei leverer gode tenester og har gode referansar, var sjølvsagt også avgjerande, seier Gundersen.

Norwegian Group har valt NSE-gruppa som underleverandør når det kjem til spesialkompetanse innan fagfelt i kontrakten dei ønskjer å delegere.