I år er det femti år sidan Tussa kraftverk på Bjørke kom i drift. Laurdag var fleire av dei som bygde anlegget tilbake på kraftstasjonen. Dei fekk både kome inn i sjølve kraftstasjonen inne i fjellet, og dei fekk vere med helikopter til damanlegget i Tyssevatnet.

- Det er faktisk fyrste gong vi er ved Tyssevatnet sidan utbygginga, fortel Ole Viddal og Karl Viddal. Dei var med på å byggje anlegget for femti år sidan.

Det var også Einar Saure, og han har mange minne frå anleggstida.

- Eg hugsar eg og Trygve Finnes budde i telt om vinteren. Det var kaldt. Eg hadde sovna, og vakna av at Trygve kom med namn på profetar som ikkje står i skrifta. Han heldt seg rundt halsen, og så drog han fram ein røyskatt frå skjorta. Røyskatten ville vel inn i varmen, men det var det siste han gjorde, seier Saure.

Og historia illustrerer at det var harde forhold for anleggsarbeidarane som bygde Tussa kraftverk. Anleggsutbygginga starta i 1958, og kraftverket vart opna i 1961. Arbeidet heldt på i enno sju år, mellom anna med takrenneprosjektet som tilførte vatn frå fleire andre nedbørsfelt.

Tussa hadde ikkje invitert nokon av veterane spesielt, men hadde invitert gjennom annonsar.

- Vi veit at mange av anleggsarbeidarane enno har kontakt med kvarandre, og difor var det kjekt at så mange kom, seier kraftverksjef Terje Mykllebust.

Tussa inviterte også til open kraftstasjon, og mange folk kom etter kvart til Bjørke laurdag.

Tussa kraftstasjon er den største i Tussa-systemet, og produserer 268 GWh årleg. Det tilsvarar straum til 13.000 husstandar. Nedbørsfeltet er på 57 kvkm.

Møre-Nytt kjem med større reportasje i papirutgåva tysdag.