– Dette kom som eit lite sjokk på oss. No må vi finne oss ei ny tomt til hytteprosjektet, seier nyvald leiar i Ørsta Røde Kors, Ingeborg Hovden Standal.
Til stor overrasking for Røde Kors i Ørsta er regelverket endra for hyttebygging i skredområde. Og no vert det stilt krav om tryggleik for 5000-årsskred for hytter berekna for meir enn 10 personar. Tidlegare var kravet 1000 år.
Risikovurdering
Det er gjennomført ny skredrisikovurdering for området vest for skihytta på Standaleidet der Røde Kors si tomt ligg. Norges Geologisk Institutt har konkludert med at tomta til Ørsta Røde Kors kan vere utsett for 5.000-årsskred. Dermed kan det ikkje gjevast byggjeløyve.
– Å søkje dispensasjon er på ingen måte aktuelt då vi trass alt er ein organisasjon som set tryggleiken i høgsete, seier Hovden Standal.
Ho er skuffa med ingen slagen person etter avslaget. Alt var klart til å setje spaden i jorda på tomta, som er kjøpt av grunneigarar på Standal. Tomta ligg litt vest for skihytta, i retning Ørsta. Hytta skulle stette både Røde Kors og lokalbefolkninga sine behov.
– Vi såg føre oss ei stor hytte også tilrettelagt for funksjonshemma, slik at folk som normalt ikkje klarer å kome seg til fjells kunne ha teke turen. Planen var såleis ikkje å byggje ei tradisjonell hytte, fortel Hovden Standal.
På ny jakt
Leiaren i Røde Kors konstaterer at laget no må jakte etter ny tomt for å få realisert eit aktivitetssenter, noko som hart vore eit ønske i mange år. Primært ønskjer laget ei tomt på Standaleidet, men Ingeborg Hovden Standal fortel at dei er opne for andre lokalitetar.
– Det vil nok ta tid å finne ei annan tomt. Ei slik utbygging er både kostbar og krevjande, både for oss og støttespelarane våre, seier Hovden Standal. Ho peikar på at det er avgjerande for å lykkast at prosjektet er godt forankra og kvalitetssikra.
Ligg ikkje ende
Røde Kors-leiaren forsikrar at laget slett ikkje ligg nede grunna det uventa avslaget for å få bygt lagshytte. I eit felles styremøte for Røde Kors og avdelingane er det vedteke å styrkje fokuset på andre område medan laget vurderer nye tomtealternativ. Hjelpekorpset har nyleg starta ein ny aktivitet for ungdom frå 13 til 16 år med namnet RØFF. Bokstavane står for Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp.
– Vi vonar dette vil vere attraktivt for ungdom som kan tenkje seg å kombinere kameratskap med førstehjelp og friluftsliv – og at dette også vil bidra til rekruttering til hjelpekorpset.
Det vert også arbeidd med oppstart av Barnas Røde Kors (BARK). Her handlar det om aktivitetar for born frå seks til 12 år.
– Også for denne gruppa vil naturopplevingar, tryggleik og evne til å ta vare på både seg sjølv og andre vere eit viktig element. Vonleg kjem vi i gang med denne gruppa i løpet av året, fortel Ingeborg Hovden Standal.
Røde Kors-huset
Det skal framover også gjennomførast ein del tiltak på Røde Kors-huset i Strandgata.
– Vi skal gjere lokala betre tilpassa aktivitetane våre og leggje til rette for endå meir trivsel. Sosialt fellesskap er ein viktig berebjelke i arbeidet vårt, forsikrar Røde Kors-leiar Hovden Standal.