Refleksvest gjer deg synleg når du ferdast ute både tidleg og seint. Som fotgjengar er det viktig å vere synleg for bilførar, og NAF understrekar at det er viktig at både born og vaksne nyttar refleksvest. Onsdag tok May Iren Sætre Masuhr og Fridtjof Buset frå NAF avd. Søre Sunnmøre turen til Vartdal barnehage, og med seg hadde dei nye refleksvestar for å gjere både små og store meir synlege i trafikken.

– Vi bruker å dele ut refleksvestar til to barnehagar i vårt nedslagsfelt i året. I år fall valet på Vartdal barnehage og ein barnehage i Vanylven, seier Buset.

– Noko vi brukar heile tida

I 2013 var Barnas Vel barnehage i Ørsta ein av barnehagane som fekk refleksvestar med NAF, og i år var turen komen til Vartdal. Totalt vart det delt ut seksti refleksvestar, femti til barna og ti til dei tilsette ved barnehagen. Styrar Marianne Knutsen ved Vartdal barnehage er glad for at dei får slike gåver.

– Det er veldig kjekt at vi får refleksvestar, og at bedrifter og organisasjonar tenkjer på oss. Refleksvestar er noko som vi brukar heile tida, både når vi er på tur og elles. Då vert dei utslitne, og det kjekt at vi får på plass nye, seier Knutsen.

Opptekne av tryggleik

Vartdal barnehage er opptekne av at barna skal kunne trafikkreglar, og at dei veit korleis dei skal te seg i trafikken. Bamsen Tarkus, som er ein del av opplæringskurs frå Trygg Trafikk, vert nytta i barnehagen, og tysdag fekk han sin eigen refleksvest etter oppmoding frå barna.

– Vi er opptekne og fokusert på korleis barna skal te seg i trafikken, og vi jobbar mykje med fleire element innanfor dette og har det som tema, seier Knutsen.