Det presiserte planleiar Gunnar Wangen i formannskapet i Ørsta.

Mellom andre Volda-ordførar Arild Iversen har reagert på at Ørsta kommune i ein merknad til kommunedelplanen Furene - Volda har kommentert både innflygingshøgde og hjortekorridoren i Furene, og at Ørsta i desse sakene har vore meir restriktive enn både Avinor og fylkesmannen/fylkeskommunen.

I formannskapet ville mellom andre ordføraer Rune Hovde ha eit svar på kva som låg bak fråsegna frå Ørsta komune.

– Vi var på høyringslista, og då fristen for merknad var såpass kort og ikkje passa med politiske møte, valde vi å sende ein administrativ merknad, sa Wangen.

Han meinte det ikkje burde vere noko behov for å dramatisere dette.

– Vi baserte fråsegna på det vi såg i plandokumentet. Vi ynskte berre ei forsirking om at det var teke høgde for høgderestriksjonane til Avionor, noko det ikkje såg ut til å vbere. Seinare har Avinor avklart dette.

– Vidare når det gjeld hjorteproblematikken ynskte vi å forsikre oss om det vert teke omsyn til at hjorten må passere E39 på hjortekorridoren som er laga. Teljingar syner at dette er eit av dei viktigaste hjortetrekka i fylket. Fokuset er for så vidt ikkje på hjorten, men på at hjorten utgjer ein trafikkfare. Såleis handlar det om liv og helse, sa Wangen.

Hovde registrerte svaret frå administrasjonen, men minte om at Furene-området er ei betent sak for Ørsta, og der det har vore usemje på mellom anna lenginga av Torvmyrvegen mellom administrasjonen og politikarane i Ørsta. Difor meinte Hovde at ein måtte vere varsame med å skrive noko som kunne tolkast som motstand mot m.a. Torvmyrvegen.

Varaordførar Paul kristian Hovden (KrF) var inne på det same:

– I 1969 plasserte vi ein mann på månen. Vi er tente med å løyse saka om Torvmyrvegen. Ikkje minst gjeld dette beredskap, sa Hovden.