Ulstein Verft har med denne ordren totalt sju skip iordreboka. ULSTEIN har til saman selt 20 design av PX121-designet, og detteblir fartøy nummer ni og ti som Ulstein Verft byggjer av denne typen. Det harkome svært gode tilbakemeldingar på dei første seks skipa som vart leverte fråUlstein Verft i perioden 2012-13, og som alle arbeider i Nordsjøen

- PX121 er i ferd med å bli ei suksesshistorie for oss,med svært mange selde båtar som vert bygde både ved eige og utanlandske verft.Det er gledeleg å sjå at vi lykkast i arbeidet med å få nye produkt inn imarknaden, seier konsernsjef Gunvor Ulstein. Ho held fram:

- Ekspertisen vår ligg i å utvikle nye og gode løysingari brytninga mellom design, systemløysingar og konstruksjon av skip. Blue ShipInvest er eit investeringsselskap innan Ulstein Group, men drifting av skip erutanfor vårt satsingsområde, så vi ønskjer å selje også desse skipa etterkvart.

Lågare investerings- og driftskostnader

I Nordsjøen vert desse plattform forsyningsfartøya (PSV)rekna som mellomstore, og dei har ein optimal kombinasjon avdrivstoffeffektivitet og dødvekt. Dei har kapasitet og yting som ligg nærsegmentet for større PSV-ar, og kan ta på seg dei aller fleste oppdraga somlitt større PSV-ar utfører. Både investeringskostnaden og driftskostnaden blirlågare.