Øvinga har namnet «Øving Våghals».

– Vi er ein krigsorganisasjon, og det vi øver på no, er ein krigssituasjon. Det er viktig for meg å påpeike, seier avtroppande områdeleiar Oddbjørn Aam i Ørsta og Volda heimvernsområde.

Han har ansvaret for øvinga saman med påtroppande områdeleiar Jørgen Saure.

Sjølv om HV-styrken gjerne bistår politiet og redningsetatane på sivile oppdrag, er det det militære som er hovudoppgåva deira.

– Det andre er tilleggsoppgåver, som vi ikkje øver på. Vi gjennomfører øvingar for å halde oss skjerpa i tilfelle ein trussel skulle kome.

Krig

Dei siste åra har HV-øvingane dreidd seg om terrortruslar, men i år er dei tilbake til krigstrusselen.

– Vi har fått eit oppdrag å løyse frå våre overordna i Heimevernsdistrikt 11 (HV-11). Det dreier seg om ein krigssituasjon der vi skal få kontroll over ein fiende.

– Kor realistisk får de situasjonen under ei øving?

– Vi har folk som er utpeikte som markørar, og dei utgjer fienden som vi skal få kontroll på. Så vi klarer å simulere ein reell situasjon, seier Aam.

– Men det er klart at vi må ta omsyn til at vi opererer i eit sivilt område, så det begrensar oss litt, seier Saure.

Nedskjeringar

– Vi har ein motivert styrke på 150 mann. Då eg tok over som områdeleiar, var Ørsta og Volda to område med 200 mann kvar. No er vi færre, og eg synest reduksjonen er synd. Men vi er likevel slagkraftige, seier Aam.

Ørsta og Volda heimevernsområde har også eit samarbeid med Sørøyane heimevernsområde som dekkjer Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.

– Samarbeidet med dei er noko av det vi trenar på no, seier Aam.

Han vil også takke Reset skisenter og grunneigarane rundt om for godt samarbeid med Heimevernet under øvinga.