I vår inspiserte den lokale styringsgruppa i Fairtrade butikkane i Volda og Ørsta.

– Vi telte opp kva slags varer som finst i butikkane, og dette er noko som vi gjer ein gang i året. No er det og ei nasjonal markering for Fairtrade, og det er ekstra mykje fokus på rettferdig handel. Eurospar Ørsta var suverent best, seier leiar Eli Hatlen i Fairtrade Volda/Ørsta.

Motivert testvinnar

Måndag føremiddag fekk butikksjef ved Eurospar Ørsta, Aud Kirsti Osborg, overrekt det synlege beviset på at dei er best på Fairtrade i Ørsta av ordførar Rune Hovde og Hatlen.

– Det er veldig kjekt å gjere det best i ein slik test. Vi skal vere ein fullsortiment butikk, og då må vi ta vare på store og små varegrupper, og også store og små kundegrupper. NorgesGruppen, som vi er ein del av, samarbeider også med Fairtrade. Vi er også den einaste kjeda som satsar på skorne Fairtrade-roser.

– Gir ein slik pris motivasjon til å satse vidare på Fairtrade-produkt?

– Klart det. Det skapar litt omtale, og vi kjem til å bruke det i dagens kamp i daglegvarehandelen. Alle utmerkingar er også kjekt å få. Sparkjeda har og eit mål om å auke omsetninga av Fairtrade-produkt med femten prosent, seier Osborg.

Fairtrade-kommune

Det er seks år sidan både Volda og Ørsta vart Fairtrade-kommunar, og 5-årsjubileet vart markert på Aasen-tunet i fjor.

– Det er viktig for oss som kommune og organisasjon at vi oppfyller krava, og det same gjeld for butikkane. Fairtrade kan vere med på å skape lokalt engasjement, og for dei andre butikkane er det ei stor ære å kunne fråriste Eurospar Ørsta tittelen til neste år.

Etisk handel

Fairtrade jobbar for etisk handel, og det er utarbeidd ei rekkje minstekrav for at nokon kan bruke merkelappen Fairtrade.

– Fairtrade er gode produkt som på ingen måte står tilbake for andre produkt. Du har og tryggleiken med at ingen er utnytta fram mot ein ferdig vare. Det er noko å tenkje på her i våre fredelege krok i verda, seier Hovde.