Mannen var tiltalt for å ha køyrt i 98 km/t i ei 50-sone på langs Vartdalsstranda i november 2017. I retten sa mannen seg skuldig etter tiltalen. Mannen var tidlegare dømd for brot på vegtrafikklova i 2010. I retten forklarte han at han har behov for førarkortet i samband med jobb. I formildande retning la retten vekt på at mannen tilstod. I skjerpande retninga la retten vekt på at køyringa skjedde når det var mørkt, med den reduserte sikta det medfører.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til fengsel i femten dagar. I tillegg vart mannen dømd til tap av retten til føre førarkortpliktig motorvogn i ein periode på tretten månader. Mannen må avlegge full ny førarprøve for å få tilbake førarretten.

Då dommen vart lest opp for den domfelte erklærte han at han vedtok dommen.