To syklar er tekne i bruk. Syklane har blitt kjøpt ved hjelp av prosjektmidlar frå mellom anna Gjensidigestiftelsen via Volda sanitetslag, skriv Volda kommune på nettstaden sin. Det er treningssyklar med motivasjonsteknologi der dei eldre kan sitte i daglegstova og velge mellom hundrevis av sykkelruter og sykle medan dei følger med på løypa på skjermen.

– Med i pakken er åtte lokale filmar. Vi har valt ut løypene og filmane skal lagast i sommar. Bruk av desse syklene i eldreomsorga har vist gode effekter som t.d auka trivsel, betre søvn, mindre fall og mindre bruk av beroligande medisinar.

Tysdag 4. april kjem ein kar frå leverandøren og skal ha to inspirasjonssamlingar for personalet og andre interesserte.