Leiar i 17. mai-komiteen, Hans Olav Myklebust, meiner det er fleire årsaker til den særs store oppslutnaden kring toget.

– Vartdalsstranda har fått VD-hallen, noko som verkar samlande. I dag er her ein del som ikkje har vore i hallen før og som vil sjå han. I tillegg er nok ein del nysgjerrige på det nye fiskerimuseet i hallen. Og så verkar sjølvsagt det strålande vêret inn på frammøtet, reflekterer Myklebust.

Han gjekk først i det rekordlange folketoget der stemninga til tider var høg.

Fiskerimuséet

Etterpå vart det halde appell ved Jon Helge Bjørndal og det var matsal og førpremiere på det nye fiskerimuseet som har fått romslege og flotte lokalitetar i VD-hallen. Leiar for museet, Per Inge Myklebust, er storleg nøgd med museet.

– Museumslaget har fått ein heilt anna giv etter at vi fekk etablert dette lokalet, og det er stor iver for å leggje ned ein innsats for museet. Kvar tysdag kveld er her mange innom som vil bidra for museet, fortel ein nøgd Myklebust.

Bilete

Laget har lagt ned ein stor innsats for å kunne presentere museet for folk til 17. mai. No finn ein i museet mellom anna mange bilete og mykje utstyr frå linefiske og snurpefiske i tillegg til ein del generelt utstyr frå fiskebåtane på Vartdal.

– Museet er på ingen måte komplett enno. Det skal blant anna installerast to store skjermar der besøkjande audiovisuelt skal få oppleve gamle tider innan Vartdal sitt fiskeri, seier Myklebust.

Det er meininga at den offisielle opninga av fiskerimuseet skal vere under Vartdalsstranda-dagane i månadsskiftet august og september.

Barstadvik

Årets 17. mai vart spesiell for elevane som soknar til Barstadvik skule då skulen no skal leggjast ned.

Grunna kommunale innsparingar vert elevane i alle klassestega frå komande skuleår ført over til Vartdal skule.

Dette la slett ingen dempar på 17. mai-feiringa i bygda. Det var godt oppmøte og mange blide andlet å sjå i toget som gjekk den tradisjonelle ruta gjennom bygda. Og ein kunne også høyre jubelrop frå både små og store.

Tilbake på skulen spelte Vartdalsstranda musikkorps fleire songar før Kjell Arne Fiksdal i 17. mai-komiteen inviterte til matsal og leikar.