– Desse vert plassert på Bellingen på Søbø, Spar på Vartdal og på Narvesen på Amfi. Dei som ikkje har vorte kvitt sine bruke mobiltelefonar kan levere dei her, seier leiar Patricio Medina i Ørsta handball.
Fristen for handballklubben å sende inn dei innsamla mobiltelefonane er 6. mai så ein kan levere mobiltelefonar i nokre veker til.
– Vi har allereie fyllt ein del baggar som vi har sendt inn. Å levere brukte mobiltelefonar er miljøvennleg, og det går også til ei god sak når ein støtter aktiviteten i handballen, seier Medina.