I timane då orkanen Dagmar stod på som verst var det svært høg vasstand i Ørsta. Dette førte til at alt som kom flytande i sjøen hamna langt oppe på land. Fire månader etter ligg det framleis store haugar med avfall og drivved i strandlinja over heile kommunen.

Fleire lastebillass

Kommunen si uteavdeling har rydda opp mykje, men det ligg meir avfall i fjørene enn dei maktar å fjerne innan rimeleg tid.

– Det er forsøpla på alle strender. Vi starta på Vekslet, men måtte stoppe opp då vi såg kva mengder det er. Det er snakk om fleirfaldige lastebillass, og vi har andre oppgåver som må prioriterast først, seier kommunegartnar Olav Saure.

Nasjonal dugnad

For å verte kvitt søppelet på ein effektiv og rimeleg metode før 17. mai og sommaren, vert det difor invitert til ein god, gamaldags dugnad. Avfall Norge arrangerer kvart år ein nasjonal dugnad kalla Strandryddedagen som del av Hold Norge rent-kampanjen deira.

Privatpersonar, skuleklasser, grendelag og andre som vil ta i eit tak vert oppmoda om å velje seg ei strand og sette i gang med oppryddinga.

Må sorterast

Dagleg leiar Petter Bjørdal på Volda og Ørsta reinhaldsverk seier dei vil ta i mot det som kjem inn av avfall frå Strandryddedagen, men at det må vere sortert først.

– Om ein brukar maskiner til å samle opp det som ligg i fjøra får ein med mykje som vi ikkje er så glade for å ta i mot. Det vil følgje med tang, tare, grus og stein som ikkje er gunstig å levere til eit avfallsanlegg, seier Bjørdal.

– Vi er difor avhengig av at nokon vil gjere arbeidet med å plukke ut avfallet. Det vi vil ha inn er avfall som plast, tauverk og emballasje. Trevirke, store røter og slikt er meir eigna til å brenne som brising.

– Grendelaga må organisere

Korkje kommunen eller reinhaldsverket har høve til å ta seg av det administrative bak ein slik dugnadsdag. I staden vert dei einskilde grendelaga kring om i kommunen oppmoda om å ta seg av sine strandlinjer og samle dugnadsgjengar laurdag 5. mai. Både i Barstadvika, på Sæbø, på Rjåneset og andre plassar er badeplassane fulle av rusk og rask.

– Her må dei lokale grendelaga ta ansvar, seier Bjørdal, og nemner at fleire privatpersonar, lag og organisasjonar har vore flinke å rydde tidlegare år.

– Blant anna har Arne Ola Grimstad på eige initiativ gjort ein stor innsats for friluftsområdet på Raudøya. Og Ørsta Lions har gjort ein flott innsats i sentrum. Truleg er det behov for innsatsen deira også denne gongen. Det er meir drivavfall i fjøra no enn det har vore på mange, mange år, seier han.

– Dei som vil ta ansvar og få rydda opp må gjerne melde seg. Vi er avhengige av at grendelag eller velforeiningar tek på seg dette arbeidet, seier han.

For å få utlevert sekker til oppryddingsarbeidet kan ein ta kontakt med reinhaldsverket.