Onsdag kveld sende King ut eit skriv til ei rekkje ressurspersonar innan kreativ industri på Søre Sunnmøre. King tok der til orde for å gjere Volda meir kjent som eit midtpunkt innan animasjon og setje fokus på alle ressursane som allereie fins i bygda.

Bakgrunnen for skrivet er eit nyleg innslag på NRK der animatør Anita Killi tok til orde for å etablere eit internasjonalt animasjonssenter på Dovre.

– Sterkt forankra i Volda

King meiner det vil vere meir naturleg å rette fokus mot Volda når det er snakk om kvar “animasjonshovudstaden” bør ligge.

– Eg er ikkje i mot det som skjer på Dovre, men vi bør kanskje framheve meir av det vi har fått til i Volda og dei tradisjonane vi har her. Animasjon er sterkt forankra både sosialt og økonomisk i bygda, og her er no fleire firma som bidreg positivt til utviklinga, seier han.

Ringverknader

Sjølv kom han til Noreg som gjestelærar i 2003, og arbeider i dag som lærar på Høgskulen i Volda og som kreativ regissør i Raindog Studios, nyleg etablert i Sunnmøre Kulturnæringshage. Han har meir enn tretti års røynsle frå animasjonsindistrien, og brenn for å utvikle animasjonsmiljøet i Volda ytterlegare.

– Volda har allereie eit godt internasjonalt rykte innan animasjon. Kanskje vi burde dra meir nytte av det, så det kjem lokalsamfunnet til gode på fleire måtar. Bygda kan nok berre huse ei viss mengd firma innan animasjon, men næringa gir også ringverknader til andre bransjar som t.d. lydteknikarar, musikarar, PR-byrå, designarar og skribentar, seier King.

Meir enn hundre involvert i animasjon

Han minner om at det i dag er ganske mange som arbeider innan animasjon og kreative yrke, utan at dei vert så godt lagt merke til i dagleglivet i Volda.

– Mykje av det vi gjer vert ikkje sett lokalt, då vi har kundar frå heile landet og utlandet. Vi er på ein måte den “stille industrien” her. Mange går heilt sikkert forbi lokala her kvar dag utan å ane kva Raindog Studios er for noko.

Medrekna studentane på animasjonslinjene på Høgskulen og Møre Folkehøgskule, lærarane der og yrkesaktive i dei ulike bedriftene er meir enn hundre personar i Volda og Ørsta i dag involvert i animasjonsfilm.

– Vi er kanskje ikkje så store som t.d. sjukehuset når det gjeld tilsette, men vi er ikkje langt unna, seier King. – Volda har ein heilt spesiell appell til kreative menneske.

– Ta kontakt!

No ønskjer han altså ein dialog om korleis ein kan fremje Volda som eit sentrum for animasjon i Noreg.

– Eg håper politikarar, forretningsdrivande og kreative menneske vil vere med å diskutere dette vidare. Det mest praktiske hadde kanskje vore å ha eit møte, seier King, som i første omgang har starta ein dialog per e-post adressert til ei rekkje bedrifter, politikarar og ressurspersonar.

– Men det er berre å ta kontakt. På dette stadiet er det enno veldig uformelt, seier han.