­– Vi er godt nøgde med utviklinga og har per i dag ein ordreinngang på over 40 millionar kroner. Ei viktig årsak til at vi gjer det godt er bransjekunnskapen mellom dei tilsette, seier dagleg leiar Torgeir Iversen.

Han har base på Marina Solutions sitt hovudkontor på Eidsnes. Selskapet har elles kontor i Tønsberg, Mo i Rana og like ved småbåthamna i Ørsta, i bygget til m.a. tannklinikken og næringskontoret.

Båtliv

Bedrifta har som mål å levere dei beste enkeltprodukta som tek vare på behovet til ein marina, båtliv og marknaden langs heile kysten, noko som er selskapet sitt marknadsområde. Nøkkelferdige anlegg vert levert viss det er ønskjeleg.

Bedrifta har åtte tilsette, fem av dei er medeigarar. Det er Tommy Giil, Otto Aam, Jan Erik Hovden og Geir Inge Follestad, i tillegg til Torgeir Iversen. Dei eig 51 prosent av aksjane i selskapet. Resten er eigd av Helgeland Betongflytebrygger AS og Tria Marina.

Desse selskapa er også underleverandør til Marina Solutions. I tillegg samarbeider bedrifta med Ulstein Betong, som er leverandør av bølgjedemparar og flytemoloar. Det handlar om leveransar av alt frå små moloar til private, til like komplette “monsterflytebryggjer, store som ei fotballbane.

– Dette produktet har vi utvikla i samarbeid med Ulstein Betong, fortel Iversen. Han legg til at kring 50 prosent av kundane er båtforeiningar. Elles er hamnevesenet, kommunar og privatfolk mellom kundane.

Marknadsdelar

– Underleverandørane er i høgste grad medverkande til at vi tek marknadsdelar i ein bransje med hard konkurranse, seier dagleg leiar Torgeir Iversen.

Marina Solutions driv ikkje berre med sal, montering, sørvis og vedlikehald av marinaanlegg. Bedrifta har fleire bein å stå på og tilbyr også sleping og sjøentreprise med eigen kranbåt.

I tillegg yter selskapet konsulenttenester som m.a. prosjektering, bølgjeberekning og utforming av bygningssøknader for andre. Dei fleste tilsette i Marina Solutions har hatt arbeidsplass på Ørsta Marina Systems som driv i same bransje.

Erfaring

Det er eldsjeler med høg kompetanse og lang erfaring i marinabransjen som jobbar i det relativt ferske Ørsta-selskapet. Dei ser ut til å lykkast: Medan Marina Solutions i oppstartåret 2010 selde for 6,5 millionar kroner, auka omsetninga i fjor til 26 millionar.

Selskapet har i dag omfattande aktivitet for leveransar, og salet ser lovande ut i høve årets budsjett. Nyleg vart arbeidsstokken auka med ein person grunna høg aktivitet innan montering.

Eit av dei større prosjekta til selskapet no er ein leveranse til Molde Småbåtforening. Dei har fått levert ei kjempebrygge som veg 1.400 tonn. Kontrakten har ein verdi på over ni millionar kroner. I tillegg til sjølve flytebryggja og bølgjedemparane, har anlegget også rom i kjellaren for båtfolket, som buder.

Dette er ein ny måte å byggje flytebryggjer på, ifølgje Torgeir Iversen.

Lykkast

– Nøkkelen for å lykkast i denne bransjen er bransjekunnskap. Alle tilsette er godt kjende i marknaden, noko som er særs viktig. Ei anna årsak til at vi lykkast er at vi satsar på nisjeprodukt- og tenester, fortel Iversen. Han kan nøgd fortelje at bedrifta ikkje merka noko til finanskrisa, slik mange andre i næringslivet gjorde.

– I tillegg til levering av nye anlegg, er det også eit stort utskiftningspotensiale for det vi leverer. Mange marinaanlegg er gamle og må bytast med nye, moderne anlegg.

Tryggleik

Han trekkjer også fram tryggleik som eit nøkkelord for selskapet sine produkt.

– God stabilitet og sklisikring er viktig i hamneanlegg. Vi har utvikla utstyr m.a. for dette og driv elles mykje med produktutvikling, opplyser den daglege leiaren.

Han legg til at Marina Solutions har tett samarbeid med redningsselskapet i høve utarbeiding av minstestandardar for plassering av redningsutstyr.

– Kva er ambisjonane til Marina Solutions?

– Vi skal vekse og vidareutvikle det utstyret vi leverer i dag. Dette gjeld også bølgjedemparane.

– Så det rår optimisme mellom eigarane?

– Ja, vi angrar slett ikkje på denne satsinga. Vi er ferdige med etableringskneiken og har fått god aksept på produkta våre. Kundane er veldig nøgde og pila peikar oppover for oss, konstaterer ein nøgd dagleg leiar i Marina Solutions, Torgeir Iversen.

Dagleg leiar i Marina Solution, Torgeir Iversen, kan fortelje og ei fin utvikling for selskapet som har kontor m.a. i Ørsta.