Det var den lokale greina av Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjonar (NVIO) som tok initiativ til markeringa på frigjeringsdagen. Først vart det lagt ned blomar ved bautaen utanfor kyrkja, der major Ove Røv sende ei takk til alle som har kjempa for landet gjennom århundra.

– Vi som har vore ute kjenner alle til folk som har slite med å verte anerkjent for den innsatsen dei har gjort. Difor er det viktig å få markere dette, og vise fram dei som står her og som har vore ute. Vi gjer dette for alle som har kjempa for fridom og demokrati kring om i verda, og for eige land, sa Røv.

Markeringa ved bautaen var den første halvmilitære markeringa sidan 1983, då Heimevernet hadde ei markering.

2. verdskrig-veteranar

På Ørstaheimen bur Harald Øye og Herlof Gridseth. Dei kjempa begge for Noreg under andre verdskrig. Etter markeringa ved bautaen var det desse to som fekk besøk av veteranforbundet.

– Vi som nyt godt av fridomen de har kjempa for med våpen i hand, har mykje å takke dykk for, sa Røv til dei to.

Harald var nøytralitetsvakt i Trondheim før han reiste til Dombås. Han vart overfalt av tyske fallskjermsoldatar ei mil sør for Dombås. Der miste sju nordmenn livet. Han var også med på kampane ved Lindse gard. Herlof var i same område, og slest med våpen i hand for fridom og demokrati.