Det seier Asbjørn Skår. Han og sambuaren Gullbjørg er dei einaste som i dag er fast busette på Skår i Hjørundfjorden. Tysdag opplevde dei at ferjekaia vart stengt på dagen.

På Skår driv Asbjørn Skår med sauehald på hobbybasis. Kring tretti sauer er på garden. Til dagleg arbeider Asbjørn Skår på Urke. Han nyttar snøggbåten for å kome fram og tilbake dit. I tillegg er ferja mykje nytta av Asbjørn og sambuaren.

Brått

Det kom brått på oss at ferjekaia vart stengd, men noko overrasking var det ikkje. Det har ikkje vore drive vedlikehald på kaia på over 10 år, fortel Asbjørn.

Han gjer det klart at det er viktig for han at ferja kjem til Skår på signal.

– Ja, vi har både traktor og bil. Om nokre dagar hadde eg planlagt å ta traktoren på land med ferja. Elles treng eg t.d. kunstgjødsel og andre tyngre ting til gardsarbeid og anna. Og slikt kan eg ikkje berre ta i hendene. Såleis er ferja viktig for oss, forklarar Asbjørn Skår.

Reparere

Han vonar difor at Ørsta kommune snarast klarer å få reparert kaia slik at ferja igjen kan leggje til kai på Skår. Kommunen har driftsansvar for kaia som har fått omfattande erosjonsskade. Kaia er difor stengt for all trafikk med køyretøy på ubestemt dato.

Asbjørn Skår håper likevel det vert vist litt fleksibilitet.

– På ein eller anna måte må det kunne gå an å syte for at vi som bur på Skår får på land det vi treng, håper Skår.

Han trur ikkje det skal så veldig mykje for å gjere ferjekaia godkjend.

– Det spørst kva krav ein set. Kaia står slik ho har stått sidan 1970-talet.

Hurtigbåt

– Kva med å nytte hurtigbåten, er det ei god erstatning?

– Hurtigbåten har på denne årstida ikkje høve til å ta turen til oss på Skår når vi ber om det. Det er no om sommaren denne båten har mest å gjere, seier Asbjørn Skår.