Det seier Ørsta sin næringssjef Martin Foldal, som er einig med den gamle polfart-kapteinen Magnar Aklestad (75).
Sistnemnde uttalte nemleg til Sunnmørsposten at hurtigruta burde gå gjennom Hjørundfjorden, i staden for i Geirangerfjorden. Han meiner det både kan opne for ei betre oppleving for publikum, og auka inntening for Ålesund, sidan båten då kan ligge der opp til tre-fire timar per dag.
Foldal ser på si side fleire fordelar for Hjørundfjorden dersom hurtigruta kjem dit.
– Hjørundfjorden er eit av dei flottaste reisemåla kring Ørsta, og i samband med hurtigruta er her mykje å hente i form av auka marknadsføringsverdi. Folk vil sjå kor fint det er her, og spreie det vidare.
Buss
Næringssjefen seier det framleis kan vere muleg for turistane å oppleve Geiranger.
– Ein kan berre setje opp bussar frå Øye, gjennom Norangsdalen, til Hellesylt og vidare til Geiranger. Då får turistane verkeleg oppleve naturen her, seier Foldal.
– Kan hotellet på Øye vere eit trekkplaster?
– Tja, eg tvilar på at personalet legg opp til at 350 turistar med is skal trakke opp og ned trappene deira, men hotellet er rett nok ein attraksjon i seg sjølv.
Blårøyk
Foldal trur heller ikkje at folket i Geiranger vil lide nokon økonomiske konsekvensar, som følgje av ei eventuell ruteomlegging.
– Kioskeigarane har no sjølv uttalt i media at dei berre ser blårøyken av turistane, i staden for pengar. Det er heller kanskje ikkje så rart, sidan dei både har handlegate, «happy hour» og gudane veit kva om bord.
Foldal avsluttar med å seie at han ikkje kan sjå problem med at Hjørundfjorden kan avlaste Geirangerfjorden sett i ljos av det høge talet på skip som allereie går gjennom sistnemnde.