Etter seks år med teologistudiar er ørstingen Kristian Myklebust klar for å bli vigsla til prest. Denne høgtidelege handlinga skjer i Ørsta kyrkje søndag ettermiddag.

Vi møtte han heime hos foreldra hans i Ørsta sentrum torsdag kveld.

Kristian seier at han allereie første året på vidaregåande skule leika med tanken på å utdanne seg til prest.

– Eg var på den tida oppteken av dei store spørsmåla i livet, fortel han.

I heile oppveksten har han vore aktiv i kristent barne- og ungdomsarbeid i kyrkja og på bedehuset.

– Den kristne trua har alltid vore ein viktig del av meg, seier Kristian.

Ungdomsmiljøet som han var ein del av var eit felles miljø der ungdomar både frå kyrkja, bedehuset og frikyrkja var med.

– Vi kunne vere 30–40 stykke på leir på Bondalseidet, minnest han.

I byrjinga var han berre ein vanleg deltakar, men etter kvart tok han på seg leiaroppgåver, og av og til las han opp andakter eller skreiv sine eigne. Den nyutdanna presten har også alltid likt faget norsk.

Utdanning

Sjølv om han tidleg tenkte på å bli prest, var "dørene" opne for andre typar stillingar i kyrkja det første studieåret ved Menighetsfakultetet. Før han starta til på andre året ved MF tok han seg eit år ved Sagavoll folkehøgskule.

– Dette vart eit viktig skuleår for meg. Dette fordi eg fekk mange utfordringar som eg vaks på, fortel han.

Gjennom studiet på MF har studentane mange praksisperiodar, slik at dei skal verte mest mogleg førebudde på å møte yrkeslivet som. Kristian har mellom anna hatt praksis i Vågsbygd ved Kristiansand, ved Drammen sjukehus og i Volda.

– Kva jobb er det som ventar deg etter ordnasjonen?

– Eg skal først arbeide som feltprest i luftforsvaret på Ørlandet, fortel han. Etter dette pliktåret må han og kona finne ein plass der begge kan få seg arbeid.

– Ho utdannar seg til prest ho også, og blir ferdig om eit år, informerer han.

Breidda i jobben

– Kva er det med arbeide som prest som tiltalar deg?

– Det er vel ikkje ei spesiell arbeidsoppgåve, men breidda i jobben. Det at du får treffe folk i alle moglege livssituasjonar, seier Kristian og legg til at han også likar gudstenestearbeidet.

– Synest du det er heilt greitt å stå framfor så mykje folk?

– Ja, men det er noko eg har vendt meg til, etter å ha øvd på det gjennom studiet, fortel han.

Kristian er ærleg på at det å møte folk i sorg og vanskelege fasar i livet er noko som kan vere ein krevjande bit av arbeidet som ligg framfor han.

– Eg er audmjuk i forhold til den delen av tenesta, seier han ærleg.

Fint med ordinasjon

I dei fleste andre yrke er det ingen ordinasjon før ein blir "slept laus". Kristian synest det er fint at prestar får starte tenesta si med ei festgudsteneste med forbøn.

– Eg gler meg til søndag, men er også spent. Det blir ein merkedag for meg, ein start på noko nytt og ukjent. Ein ordinasjon stadfestar at eg er rett kalla prest, seier han.

Han er ekstra glad for at hendinga skal gå føre seg i Ørsta kyrkje der han både er døypt, konfirmert og har gifta seg.

– Det er mange personar i Ørsta som har vore med å forme trua mi. Noko eg er takksam for, seier Kristian.

Gud vil det gode

– Kva slags reaksjonar får du på val av yrkesveg?

– Eg får mange positive tilbakemeldingar. Folk seier at dei synest det er ein viktig jobb å vere prest. Men nokon synest sikkert også at det er litt rart at eg har valt den vegen, fortel han.

– Kva synest du er noko av det mest sentrale i kristendomen?

– For meg er det viktig å få fram at vi menneske er skapte av Gud og at det ikkje er tilfeldig at vi er her. At Gud vil det som er godt for oss. Kyrkja sin bodskap handlar om at Gud leitar etter oss når vi ikkje sjølv finn vegen. Her er historia om Jesus som kom til jorda sentral, seier den snart ordinerte presten.

Fotball

Kristian Myklebust er ikkje berre oppteken av kristen tru. Han er også svært fotballinteressert.

– Både medan eg budde i Ørsta og i Oslo sparka eg fotball. Eg håper at eg finn meg eit fotballag når eg skal til å arbeide fast som prest ein stad, seier han. Favorittlaget hans er Blackburn. Det som er litt "kinkig" er at det er EM-finale i fotball same kvelden som han skal ordinerast.

– Det var litt dumt at det skulle klaffe slik, seier han og smiler godt.