På Marine Systems på Strømpeneset samla mange elevar frå sjette klasse seg onsdag føremiddag for å ta del i opplegget med Førebyggjande Siglas i regi av Redningsselskapet.
Samarbeid
– Vi samarbeider med lokalt brannvern og politi om arrangementet. Røde Kors skulle også vere her, men måtte melde avbod grunna sjukdom. Gjennom dagen lærer vi elevane om enkel og heilt elementær ferdsel på og ved sjøen. Dette handlar om å lage enkle knutar, kasting av livliner og livbøyer, ro båtar og kva slags utstyr ein skal ha med seg og på seg i båt. I tillegg viser brannvernet korleis dei arbeider ved ulykker, og politiet informerer også elevane, seier Bertil Holen i Redningsselskapet.
Seks skular
Alle sjette klassene frå kommunen var invitert til å ta del i arrangementet, og seks av åtte skular var representerte.
– Dette er eit opplegg som vi vil ha i heile fylket, og i år startar vi i Ørsta. Første gang vi hadde dette var i fjor, og då var vi på seks plassar. I år vert vi å finne på elleve stader, og vi håper at det kan verte enno fleire til neste år igjen, seier Holen.
– Korleis er kunnskapen til elevane om sjøvett?
– Ungar er stort sett flinke på sjøvett, og så lærer dei også raskt, seier Holen.
– Lærerikt
Tre elevar som følte dei fekk godt utbyte av dagen var Joar Elde Sætre, Are Bjørdal og John-Eirik Botn Ose som går på Velle skule. På spørsmål om kva dei tykkjer om dagen svarar dei alle tre «veldig kjekt» i kor.
– Vi lærer mykje av å vere her, og no veit vi kva vi skal ha med oss når vi skal på sjøen, seier Are.
– Eg prøvde meg på å ro, men eg kom meg ikkje lenger enn ein meter frå bryggja før eg måtte snu, seier John-Eirik.
– Eg trur vi vil få nytte av det vi lærer her, seier Joar.
– Har de mykje erfaring med å vere på sjøen frå tidlegare?
– Eg har eit søskenbarn som har båt, og når eg er på besøk brukar vi båten mykje, seier Are.
Med seks ulike postar med ulike aktivitetar vart det ein innhaldsrik dag for elevane, og for mange var nok høgdepunktet å gå om bord i redningsskøyta som også hadde tatt turen til arrangementet.