Klypa-komikaren opplever at det nærast kokar rundt han og figuren Kjellen etter at Kjellen har vorte ein del av TV 2 sine valprogram.
– Ja, dette er moro. Det haglar inn med kommentarar både her og der frå heile landet. Så dagane er fine, fortel Thomas.
Suksess
Han gjer braksuksess med Kjellen-figuren som vert presentert kvar kveld i TV 2 si seine kveldssending med bondalingen Arill Riise som programleiar. Sjåarane får oppleve Kjellen i velkjent, hissig stil, der glosene haglar i innslaga som er relatert til ymse tema for valkampen.
– Og korleis ser Kjellen på å verte rikskjendis på alvor? Har det gått til hovudet på han?
– Å nei, han er som før og det viktigaste i han sitt liv er Fjord1, og at han er tilsett der. For tida har han gjort comeback som ferjemann. Han skjøttar etter eiga vurdering jobben på ein meir enn framifrå måte, seier Thomas Ryste smilande.
13 innslag
TV 2 har hyra Thomas til å lage 13 innslag i valkampsendinga “Du bestemmer”. Med innslaget i går, onsdag har Kjellen vore på skjermen sju gonger. Responsen er enorm, opplever Thomas.
– Det ligg mykje planlegging og arbeid bak, og det er sjølvsagt kjekt å få klapp på skuldra frå dei som likar innslaga, seier Thomas.
Han ser på TV 2-innslaga som eit endeleg gjennombrot for han og Klypa-staben på landsbasis. Ikkje for det: Klypa har allereie ein svært stor tilhengjarskare landet over. Mellom dei er KrF-leiar Knut Arild Hareide som har brukt Kjellen i sin eigen valkamp.
Furore
Sjølv om Kjellen lagar furore på fjernsynet er han i høgste grad framleis med i Klypa. Til no i år har Thomas og medhjelparane halde 65 show. i tillegg kjem oppdrag for firma og slikt. Bergen er mellom områda som elskar Klypa. Difor er det sett opp heile 30 Klypa-show på Richs i Hansabyen i haust. 14. oktober brakar det laust. Dei skal halde på fram til 10. desember.
– Vi utvidar speleområdet vårt meir og meir, og no spelar vi mange stader på strekninga frå Trondheim til Stavanger, fortel Thomas.
Det er fulle hus over alt, og humoren ser ut til å vere universell.
– Til og med på Otta ler folk av Klypa, og vi samlar fullt hus der også, humrar Thomas.
Eit eventyr
Klypa-gjengen har mål om også å erobre hovudstaden.
– Planen er å få til noko neste år, seier Thomas Ryste som fortel om travle, men fole kjekke dagar med Klypa som levebrød. Fire personar lever no av humorkonseptet som har vorte ei veletablert bedrift.
– Eg må nesten få kalle dette eit eventyr. Det trur eg også Kjellen vil meine. Det vil ej nesten tore å påstå, seier Klypa-generalen frå Hovdebygda.