Snøvêret starta seint søndag kveld, og det er særleg byggjefelt og andre stader som ligge oppe i høgda som har fått merke snøvêret.

Trass i at mange truleg har lagt om til sommardekk i helga, er det ikkje meldt om trafikkuhell eller problem i morgontrafikken som følgje av snøvêret. Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel om vanskelege køyreforhold som følgje av snø i låglandet.

Det ser ikkje ut til at markane blir kvite veldig lenge.  Allereie onsdag er det venta høgare temperaturar og regn. Temperaturane skal også stige torsdag og fredag. I fjellet er det derimot meldt snø ei stund enno.

Snøskredfaren på Sunnmøre er ikkje justert opp etter snøfallet. Faren er på moderat nivå.

Kva meiner du? Er det greit med ei runde til med snø, eller vil du ha vår no?