– Eg har fått fleire meldingar om dette, og problemet er større enn vi har vore klar over, seier ordførar Rune Hovde (H).

– Kloakken legg seg oppetter båtane, og det er utriveleg både for dei som har båtar der fast, og for dei som gjestar hamna, seier Hovde.

I kommunestyret i dag  foreslår han at kommunestyret ber administrasjonen sjå på kva tiltak som kan gjerast for å få bukt med problemet, og kva dette vil koste.

Flytte utsleppet

– Det mest aktuelle kan vere å flytte utsleppet lenger ut i fjorden og bort frå småbåthamna. Men dette må fagfolka i administrasjonen finne ut av, seier Hovde.

Eit nytt reinseanlegg er under bygging på Vikeøyrane, og dette kan få konsekvensar for kva utbetringar som er mogleg på kort sikt.

– Dette kan kanskje verke som ei lita sak, men det er viktig at slikt blir teke tak i. Det handlar mellom anna om korleis Ørsta skal framstå for dei som vel å besøke oss sjøvegen, seier ordføraren.