Og forholda i skitrekket i Årsetdalen kan knapt verte betre. Søndag strøymde unge og vaksne til skianlegget der ein flokk dugnadsvillige gjorde sitt til at trivselsfaktoren nådde toppen.
– Sesongopninga var 21. desember. No får vi berre krysse fingrane for at dei gode forholda varer, seier Frank Robert Aklestad. Han er leiar i Vartdal skitrekk som er underlagt idrettslaget i bygda, men trekket har eige styre.
Strøymde til
Førre sesong hadde skitrekket ope berre ein dag grunna snømangel, så det var ikkje rart at folk strøymde til då styret i skitrekket kunngjorde sesongopning tre dagar før jul. Men endå fleire tok turen i romjula, fjerde juledag. Då vart det halde nattope fram til midnatt. Og då var heile den tre hundre meter lang skibakken full av skiglade i alle aldrar. Og snakk om sørvis: alle nybyrjarar får spesialtilpassa farta på trekket av dei som sit og styrer dette.
– Difor skal ingen kvi seg for å ta turen til oss, seier Jon Helge Bjørndal. Søndag styrte han skitrekket saman med Kenneth Otterlei.
Etablert
Skitrekket øvst i Årsetdalen, som vart etablert på midten av 80-talet, er blant dei tilboda som samlar flest unge frå Vartdalsstranda. Gjengen i skitrekket gir ikkje berre tilbod til dei som vil renne nedoverbakke. Dei lagar også løype for dei som ønskjer å ta seg ein vanleg skitur. Løypa som vert køyrt opp er 2, 6 kilometer, og går til Skaresetra.
Alternativ
– Det er flott at vi kan ha eit alternativ for dei som ønskjer å gå seg ein skitur i marka, reflekterer Laila Aarset. Ho står smørblid i ein vaffelluktande kiosk, kledeleg kledd i Mariusgenser. Laila minner om at skitrekket si varmestove også fungerer som ein liten samlingsstad for dei som er glade i å trikke, eller berre stikke innom for ein prat og ein kaffi.
– For dette her er jo ein kafe også, Vartdal sin einaste vel å merke, seier Laila Aarset som sjølv har med seg strikkety.
Varer forholda i skibakken, vert det kveldskøyring kvar tysdag og torsdag framover, i tillegg til dagkøyring i helgane, fortel dugnadsgjengen.