Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) tronar øvst på Nationen og Bondebladets kåring av dei 100 mektigaste i norsk landbruk.

Dale beheld topplasseringa frå i fjor, skriv Nationen. Rett bak følgjer makker og departementsråd Leif Forsell i Landbruksdepartementet, også det ein repetisjon av førre kåring.

– Du verda, for ei glede! seier Dale om førsteplassen, men legg til:

– Ei slik kåring er i seg sjølv ikkje så viktig, det som er viktig er kva du får gjort. Men det er greitt å vite at nokon utanfrå vurderer at eg er i nærleiken av å ha innverknad, seier Frp-statsråden.

Juryen viser i si grunngjeving til at Dale har utøvd makt gjennom å ha freda jordbruksavtalen, og dermed også den norske landbruksmodellen. Juryleiar og sosiologiprofessor Reidar Almås meiner Dale i det stille har gitt Frp ein landbrukspolitikk som handlar om meir enn å fjerne tilskotsordningar og kutte ned på grensevernet.

– Han les Stortinget betre enn Listhaug, og det ser ut som han er på sigerslaget sjølv om han har tilpassa seg i betydeleg grad. Han kan lure mange. Mens Listhaug var ein liberalist i ulveklede, er Dale ein liberalist i fåreklede, seier Almås. Ulven kom elles på ellevte plass i kåringa, fire plassar ned frå i fjor.

(©NPK)