Spurde assisterande leiar i Sex og samfunn, Tore Holte Follestad, då han onsdag var med på å opne Helstestasjonen for ungdom og studentar i Ørsta og Volda på Øyra skule.

Den utflytta follestaddalingen var onsdag på heimlege trakter. Holte Follestad har ei spesiell historie. Han flytta frå Ørsta i 1989. Det var eit val som var naudsynt for han. Han er homofil, og fann ikkje lokalsamfunnet som ein verande plass.

– Eg var ikkje som andre, og hadde behov for kunnskap og kompetanse, sa Holte Follestad.

Han fortalde si historie i Møre-Nytt før jul i 2016. Tilbakemeldingane frå lokalsamfunnet då var mange og gode.

– I dag hadde det ikkje vore naudsynt for meg å flytte. Det har vore ei rivande utvikling i Ørsta og Volda, og ingenting gler meg meir enn det, sa Holte Follestad.

Han har engasjert seg i kampen for like rettar for dei som kjenner seg annleis, og har utdanna seg til sjukepleiar og sexolog. Sex og samfunn, der han arbeider, er landets største senter for seksuell og reproduktiv helse og rettar. Senteret arbeider både klinisk og med undervisning, der seksualitet, prevensjon osb. er tema.

Skam

Det var med denne bakgrunnen Holte Follestad var invitert til å vere med på opninga av Helsestasjonen for ungdom. Holte Follestad fortalde i foredraget at mange unge kjenner skam når det kjem til seksualitet.

– Vi ser at ungdom skammar seg mykje, om det kan vere utsjånad, legning eller andre forhold. Då må målet for seksualundervisninga å kjenne fridom frå skam. Å ha fridom til å velje, understreka Holte Follestad.

Han er sterkt kritisk til seksualundervisninga i Noreg, som han finn for tilfeldig.

– Seksualundervisninga for ungdom i dag er inntrykk frå porno, frå internett generelt og litt frå skulehelsetenesta. Porno har inga rot i verkelegheita. I grunnskulen underviser lærarar som ikkje har kjennskap til emnet. I vidaregåande skule er seksualundervisning fråverande.

Viktige helsestasjonar

– Barn og unge fortener lærarar som både kjenner seg trygge, har lyst og som har kompetanse til å undervise om seksualitet, sa Holte Follestad.

Han understreka at behovet for helsestasjonar for ungdom er stort, og var glad for at helsestasjonen for ungdom for Ørsta og Volda inkluderer studentar.

– I sex og samfunn har vi arbeidd for at tilbodet til studentar må verte betre. Dei er overlatne til seg sjølve, og treng trygge omgjevnader, understreka Holte Follestad.

Og nettopp tryggleik var sentralt for han.

– For ingen unge har vondt av ei god hand i halde i, eller ein god person å prate med. Difor er ei eiga helseteneste for ungdom så umåteleg viktig. Det er så viktig for ungdom å kunne gå til ein stad der dei berre kan vere seg sjølve, sa Holte Follestad.

Han utfordra Ørsta kommune med å etablere ein eigen helsestasjon for ungdom.

– Det er langt frå Barstadvik til Øyra skule, og kome seg til å frå til ein fortruleg samtale utan at foreldra får kjennskap til det. Også ungdommen i Ørsta kommune må ha ein eigen helsestasjon. Fordi dei fortener det.