Ørstingane rekk ikkje opningstida for helsestasjonen for ungdom i Volda, flyktar Gunnar Knutsen (V).

Saka om det nye tilbodet med felles helsestasjon for ungdom i Ørsta og Volda vart oppe som orienteringssak i Ørsta formannskap tysdag.

Ørsta-politikarane er særs positive til at ungdommen får dette tilbodet, men frykta er at opningstidene gjer det vanskeleg for Ørsta-ungdommen å nå tilbodet i Volda. Det nye tilbodet skal ha ope frå klokka 15 til 16.30.

– Når Ørsta ungdomsskule er open til klokka 15.30 tysdagane, vert det vanskeleg for ungdommane å nå tilbodet i Volda, ikkje minst dei svakaste, meinte Gunnar Knutsen som synest det ideelle hadde vore at Ørsta også fekk ein helsestasjon for ungdom.

Støtta

Hans Olav Mykelebust (Frp) støtta Knutsen.

– Opningstidene bør regulerast slik at ørstingane når helsestasjonen med helserelaterte spørsmål.

Tove Halse Digernes peika på at den nye ordninga sine opningstider ikkje er ideell, men likevel positiv for ungdommen.

– Ein bør kanskje kanskje gå i dialog om opningstida, sa ho.