Gunnar Knutsen fortel at fleire av båtane har fått på seg eit tjukt lag av det dei trur er avfettingsmiddel blanda med asfalt .

– Når det har regna har det skvetta oppover båtsida.

Han og eigaren av nabobåten prøvde etter alle kunstens reglar å få fjerna skiten frå båtane, men utan å lykkast.

– Vi skrubba og gnei, men det er ganske mykje som må til for å få det vekk. Det sit blegg fast. Om båtane må på land for å verte pussa, så kjem rekninga til den skuldige til å verte kolossal, meiner Knutsen.

– Slike ting vil vi ikkje ha i småbåthamna. Folk må ha kontroll på utsleppa sine, seier han.

Miljøvernrådgjevar i Ørsta kommune, Magnar Selbervik, seier at det truleg er dei to bensinstasjonane i området som er kjelda til utsleppa.

– Dei har begge teke dette seriøst, og vil sjekke opp kva som kan ha skjedd, seier han.

I området går det eit rør som tek unna overflatevatn som renn ned i kummane.

– Desse kummane er kommunale og var nok på plasslenge før både Statoil og Shell etablerte seg her. No vil dei tømme kummane for å sjå om dei kan vere kjelda, slik at dei får rydda opp. Vi har ikkje fått stadfesta heilt sikkert kven som er kjelda, men dette er i alle fall evalueringa så langt, seier Selbervik.

Han seier at dei no tek sikte på å få vekk forureiningskjelda for å sikre at slike utslepp ikkje skjer igjen i framtida. For båteigarane i småbåthamna står det då att å få fjerna det vanskelege belegget som har lagt seg på båtane.