Vedtaket vart gjort i Ørsta kommunestyre torsdag.

Vil busetje færre

Framstegspartiet fremja forslag om å redusere talet og busetje ti flyktningar årleg dei komande åra.

– Det må vere ein samanheng mellom evna vi har til å integrere, og at den harmonerer med ressursane, argumenterte Odd Magne Vinjevoll (Frp).

Han sa vidare at forslaget om å redusere talet frå 15 til ti kom som eit resultat av tilbakemeldingar frå seksjonsleiarar som seier at det er mangel på bustader, kapasitetsproblem på norskopplæringa og signal frå helsestasjonen om at dei ikkje har kapasitet til å ta seg av denne gruppa.

– Frp tek ansvar og lyttar til seksjonsleiarane. Dei kjenner på kroppen kva det er snakk om. Seinkar vi inntaket til ti, tek vi ned nivået slik at vi kan få kontroll i alle fall over dei vi tek i mot og gi dei fullverdig hjelp til å verte integrerte, sa Vinjevoll.

Bad om 30

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) bad i eit tidlegare brev Ørsta kommune om å ta i mot 30 flyktningar i 2014 og 25 i 2015 og 2016. Dette ser ikkje rådmann Wenche Solheim på som realistisk.

– Vi seier ikkje nei til å busetje flyktningar framover, men vi meiner vi har kome fram til eit realistisk tal som vi kan klare å busetje.

Ho legg til at kommunen også tek sikte på å ta i mot fleire dersom forholda tilseier det.

– Med det tenkjer vi mellom anna på kapasitet norskopplæring, bustader og god tilgang på utdanningsmulegheiter og arbeid.

Sidan 2008 har Ørsta busett 118 personar, der 19 av dei har flytta ut av kommunen.

Åtte røysta for forslaget til Frp om å ta i mot berre ti flyktningar. Det store fleirtalet gjekk for tilrådinga frå formannskapet om å busetje 15.