– Tabellane seier ein god del om kulturnivået i ein kommune, seier forskar Bård Kleppe.

– Sysselsetjingstal innan kulturyrke kan nok fortelje ganske mykje om det generelle kulturlivet i ein kommune, seier Bård Kleppe. Han er forskar i instituttet Telemarkforsking, som nyleg presenterte statistikk kor alle dei norske kommunane blir rangerte etter kulturarbeidsplassar – målte per tusen innbyggjar.

Genererer aktivitet

Mengda arbeidsplassar innan kultursektoren er ein av fleire faktorar når Telemarkforsking lagar den årlege kulturindeksen for norske kommunar.

– Kulturyrke pleier å generere lokalt kulturtilbod i stor grad, så desse spesifikke tala kan ofte seie mykje om kulturnivået, påpeiker han.

Ørsta rangert på kultur

Ørsta kommune kjem nokså bra ut på denne målinga. Av alle dei 428 kommunane i Noreg, så blir Ørsta rangert som nummer 117 i undersøkinga. På den same målinga i fjor kom Ørsta på 150. plass – så det har vore ein god framgang i løpet av det siste året. I alle fall samanlikna med andre kommunar.

Volda kommune er endå nokre hakk betre. Dei blir plassert som nummer 106 i målinga, noko som er opp frå 156. plass.

Tre ”bransjar”

Kleppe har sett på tre ulike faktorar i kategorien ”kulturarbeidarar”. Desse indikerer kor mange som er sysselsett innan kunstnarisk produksjon i kommunen. Utgangspunktet er tal frå Statistisk sentralbyrå, og oversikta gjeld både tilsett og sjølvstendig næringsdrivande.

Dei tre faktorane er i kåringa vekta heilt likt, og er:

• Kunstnarisk arbeid (kunstnarar, underhaldning, produksjon av instrument o.l.)

• Kulturformidling (drift av museum m.m., undervisning, forfattarar, forlag, musikk mm)

• Media

– Flest i byane

Det er Karasjok kommune i Finnmark som får æra av å ”vinne” denne kåringa, med Oslo like bak.

– Både Karasjok og Oslo har eit høgt tal sysselsette i våre tre utvalde kategoriar. Det er samla rangering for desse tre som utgjer totalrangeringa, ikkje total mengda sysselsette per tusen innbyggjar, forklarer Kleppe.

– Det er høgast førekomst i dei store byane og i regionsenter, fortel Kleppe.

Molde har høgaste ranking i fylket, med sin 18. plass på landsoversikta. Nest høgaste ranking i Møre og Romsdal har Norddal kommune, som er nummer 22 i Noreg – etterfølgt av Ålesund kommune på ein 36. plass. Dårlegaste plassering i Møre og Romsdal har Skodje kommune på sin 423. plass. Fylket vårt er rangert sist blant alle dei 19 fylka i Noreg.

Kulturarbeidarar i Ørsta

– Dette er eksakte data der dei sysselsette er registrerte på arbeidsadresse. I Ørsta kommune kan vi sjå at det er 22 arbeidsplassar innan kunstnarisk arbeid, mens 20 arbeidsplassar passar inn under kulturformidling. Så har vi 17 som er sysselsett innan media i Ørsta, fortel Kleppe.

– Ein må likevel ha i minne at det er alltid er nokon som fell utanfor radaren i statistikk, legg han til.

I Volda kommune er det elleve i arbeid innan kunstnarisk arbeid, mens 19 balar med kulturformidling. Så er det 30 arbeidsplassar i Volda som kan forbindast med media.

Media

Dermed er alle tilsette i Møre-Nytt å finne i talmaterialet, om vi liker det eller ikkje. Det har vore diskutert om media skulle takast med.

– Vi var ikkje heilt sikre, men landa likevel på at vi ville ha med media-tilsette. Det er i alle fall liten tvil om verdien av ei lokalavis med tanke på å fremje kultur i kommunen. Media er absolutt kulturberande på mange måtar, hevdar Kleppe.

Ikkje meir attraktivt

– Korleis vil innbyggjarane merke om heimkommunane scorar godt eller dårleg på denne målinga?

– Dei vil nok merke det indirekte, i form av fleire tilsett innan ting som museum, kulturhus, kulturskule og media. Vi meiner ein god score på denne målinga vil reflektere kultursatsinga i kommunen i stor grad, seier Kleppe.

Han må likevel innrømme at kultur ikkje er avgjerande for verken tilflytting eller fråflytting.

– For nokre år tilbake laga vi ein rapport kor konklusjonen blei at gode kulturkommunar ikkje nødvendigvis skapte ein meir attraktiv kommune å flytte til. Det var heller ikkje mindre fråflytting frå dei beste kulturkommunane, fortel Kleppe.

Bård Kleppe er forskar i instituttet Telemarkforsking.