Rådmann Wenche Solheim gjekk på talarstolen i kommunestyremøtet torsdag, etter å ha høyrt politikarane nærast starte ein omkamp for skyssbåten på Hjørundfjorden.

Frustrert

Debatten hadde sitt utgangspunkt i Ola Perry Saure (SP) sin interpellasjon til ordførar Rune Hovde (H), der han bad om svar på kva som skjer med skyssbåten etter nyttår, sidan både kommunen og fylkeskommunen har sagt opp avtalen.

Hovde uttrykte frustrasjon over saka, og meiner den ikkje er godt nok handsama av administrasjonen, som har ansvaret for å følgje opp dei politiske vedtaka.

– Vi har ikkje klart å få dei innsparingane vi skulle ha, avtalen vart ikkje sagt opp tidsnok, og så er det dette med omdømebygging. Dette har skapt noko uvisse i bygdene i Hjørundfjorden. Her har handteringa av saka vore noko klønete, kritiserte Hovde.

– Må finne pengar

Inge Kolås (Frp) meiner kommunen må finne pengar for å drifte båten vidare.

– Mottoet til kommunen er «Saman mot nye høgder». Då må vi jobbe saman, og ikkje mot Hjørundfjorden. Vi har pålagt innbyggjarane eigedomsskatt, og då er det synd om vi i tillegg tek båten deira. Vi må finne pengar slik at båten får leve. Det må prioriterast. Det er betre å skjere ned på noko anna, sa han klart.

Rune Hovde var ikkje samd.

– Dette er ikkje ein omkamp om budsjettvedtaket der vi kutta i tilskotet til skyssbåten. Vi skal ikkje finne pengar til noko som helst akkurat no. Hjørundfjorden må også vere med på snuoperasjonen til kommunen, for å stable kommuneøkonomien på beina att.

Møte med fylkeskommunen

Ørsta kommune har no bede om eit møte med Møre og Romsdal fylkeskommune, 17. oktober. Her vil kommunen drøfte to alternativ for beredskap i Hjørundfjorden: Ferje supplert med skyssbåt, eller berre skyssbåt.

Ola Perry Saure trur mange deler ordføraren sin frustrasjon over saka.

– Men no er det viktig å sjå vidare. Det er viktig med ein beredskapsbåt, ikkje berre for Ørsta, men for nærliggjande kommunar også. Greier vi å argumentere med det, vert det kanskje enklare å få fylkeskommunen med på laget.

Saure trekte fram fleire stader langs fjorden der ferja ikkje vil kunne syte for nødvendig beredskap. Det gjeld mellom anna Stennes der ferja ikkje kan legge til. Og også Leira og Viddal, der begge kaiene vart fjerna.

– Eg vil oppmode ordføraren på det sterkaste om å prioritere dette møtet.