Ørsta hagelag sel middelet Nemaslug for å få kontroll over brunsniglane i kommunen. Den frykta snigletypen er ikkje å finne alle stader i Ørsta, men i Hovdebygda og til dømes på Vinjevoll er dei på plass.

Marita Egset er "snigleansvarleg" i Ørsta hagelag. Ho kan fortelje at det allereie no er mykje iberiasniglar, også kalla brunsniglar og "mordarsniglar", i Hovdebygda.

– Eg merka brunsniglane i hagen min først i fjor. I år trur eg at det er endå fleire av dei, seier ho lett fortvila.

– Veit du om det er andre stader i Ørsta, det er slike?

– Ja, eg har høyrt at det er mange som strir med problemet på Vinjevoll og rundt Møre folkehøgskule, seier Egset.

Sniglane er kjende for å ete opp både blomster, planter og frukt.

Nemaslug

For å få denne utfordringa under kontroll har hagelaget starta å selje uttynna Nemaslug.

Dette er eit biologisk preparat som inneheld nematodar som er små parasittar og rundormar. Desse saman med bakteriar kan drepe brunsniglane.

Ein heller middelet over daude sniglar, og sidan iberiasniglane/brunsniglane er kannibalar vert dei tiltrekt av lukta av daude artsfrendar, og slik spreier verknadene seg.

Brunsniglane er no på plass i om lag halvparten av kommunane i Noreg. Dei har kome til landet gjennom jorda til importerte planter.

– Når ein kjøper nye buskar og blomster er det viktig å skylje røtene, understrekar Marita Egset.

Klippe sniglane i to

Egset har sjølv prøvd ut Nemaslug. Dette gjer ho mellom anna ved å klippe sniglar i to og slå det utvatna middelet over.

Ørsta hagelag har også selt uttynna Nemaslug, og skal gjere dette fleire gonger framover. Neste gong dei organiserer sal av dette middelet vert 28. mai utanfor Rådhuset i Ørsta.

– Sidan vi handlar inn i stort og blandar det ut, er det billigare å handle hos oss. Dessutan er det størst effekt av dette dersom fleire freistar å drepe den plagsame inntrengjaren samstundes, seier ho.