Han ser fram til eit år på same universitet som president Obama og ei rekkje amerikanske presidentar har studert tidlegare.

Eg møter doktoranden frå Volda i hagen til familien hans i Bergen. Det er nokre dagar før han og hans amerikanske kone Dorothy (Dolly), som har Ph.d. ved UIB i fiskeriforvalting, og deira to små døtrer skal sette seg på flyet til Boston, kor fleire berømte institusjonar ligg, mellom anna ærverdige Harvard. Det er USA sitt eldste universitet, og det er vidgjete for sitt enorme bibliotek. Det populære sosiale mediet Facebook vart og utvikla på Harvard, av Mark Zuckerberg, som opphavleg laga Facebook for Harvard-studentar.

Det er ikkje nokon overdriving å kalle Harvard ein av verdas absolutt mest prestisjetunge akademiske utdanningsinstitusjonar, kanskje den aller høgast rangerte.

Postdoktorstilling på UiB

– Eg kjende til ei forskingsgruppe ved Harvard som jobba med tilsvarande forskingsspørsmål som gruppa vår i Bergen innan fedme og diabetes, og tok kontakt for å høyre om dei hadde plass til meg i eit år. Ein samarbeidspartnar frå Tyskland, som eg møtte på ein fedmekongress i Istanbul, er også gjesteforskar på Harvard. Det ville passe bra å vere der i lag.

– Eg trur det vert ei svært lærerikt år.

– Forhåpentleg får dei og noko positivt igjen for å ha meg der eit år, seier Dankel med eit smil.

– I samband med 3-årig postdoktorstilling på Universitet i Bergen hadde eg høve til å søkje om eit ekstra år ved ein internasjonal institusjon. seier Dankel som i 2011 disputerte ved UiB i noko som kallast Transcriptomics – eller "biologisk transkripsjon" på norsk.

Tidlegare hadde han mastergrad i human ernæring frå UiB, og har vore tilknytt Hormonlaboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus sjukehus sidan då. I 2006 underviste han og på Lærarhøgskulen i Bergen i faga Helse og ernæring og Folkehelsearbeid.

– Biologisk transkripsjon er avlesing av genane våre, og eg studerer nærmare bestemt avlesing av genar i feittvev, forklarer Dankel.

– USA og Harvard er langt framme på dette feltet. Det var i desember i fjor at Dankel tok kontakt med gruppeleiar Ronald Kahn ved Joslin Diabetes Center på

Harvard Medical School

Før Dankel søkte på Harvard visste, han sjølvsagt at det er eit veldig renommert universitet.

– Ein kjenner det jo og frå både Hollywood-filmar og tv-seriar. Men det som verkeleg interesserer meg med Harvard er at ein får innblikk i fronten av forskinga. Dei ligg gjerne eit hakk framføre i konkurransen. Det er nemleg veldig sterk konkurranse innan forsking. Ein må publisere artiklar og helst i godkjende tidsskrift for å sikre pengar til vidare forsking. Gruppa her har stor suksess i forhold til dette, og det ønskjer eg å lære av, seier Dankel.

Simon Dankel var ein sonderingtur til Harvard i påsken, då han og såg etter leilegheit for familien sin i Boston, og han vart godt kjend med gatene i det som vert kalla «America’s most walkable city». To dagar før bomba small på maratonen der reiste han attende til Noreg.

– Det kjendest litt merkeleg, og eg vart sjølvsagt uroa for at nokon eg kjenner vart skadd, men det vart dei altså ikkje. I løpet av det året eg skal bu i Boston trur eg ikkje det er grunn til å uroe seg for at noko liknande skal skje igjen.

Har familie i Amerika

Han og familien har funne ei flott leilegheit, og ser fram til eit innhaldsrikt og uforgløymeleg år for heile familien, mellom anna med meir besøk frå den amerikanske familien til kona.

– Det skal også nemnast at søstera mi Hilde har gifta seg med ein frå Texas, og broren min Gisle vurderer å flytte til San Francisco ein periode med kona frå Brasil. Så vi har på sett og vis blitt amerikanisert heile gjengen. Det ligg an til at neste familietreff blir i USA, trur Dankel.

– Då eg snakka med gruppeleiaren, kunne han understreke at Harvard-miljøet er fantastisk, med gode sjansar til å utdanne seg vidare. Det vert halde fleire gode faglege seminar, og ein får fagleg påfyll heile tida. I tillegg får ein sjølvsagt inspirasjon frå andre som jobbar og studerer der. No som eg skal vera der, er det og 15 andre postdoktorar i mi gruppe, frå land som USA, Tyskland, Frankrike, Belgia, Hellas, Kina og Japan. Det har vore ein del andre frå Bergen her før, men eg reknar ikkje med å treffe så mange voldingar, seier Dankel med eit smil.