Fjordingen: Frå helikopter har ein geolog vurdert faren for nye snøskred ved Skredestranda søndag føremiddag.

– Vi meiner det er trygt nok til at vi byrjar å rydde snøen klokka 12, seier prosjektleiar for drift Fjordane i Statens vegvesen, Lars Karlsen. Statens vegvesen skal gjere nye vurderingar av snøskredfaren klokka 15 måndag, men ifølge NRK vonar Karlsen at vegen kan bli opna klokka 17.00

– Over 1.000 kubikk snø skal vekk og vi veit ikkje kor mykje tre som ligg inne i skredet, så ryddearbeidet vil ta noko tid, seier Karlsen til kanalen.

Statens vegvensen anbefalar omkøyring på fv 60 mellom Byrkjelo og Stryn, fv 651 gjennom Stigedalen eller fv 698 mellom Lote og Stryn.

Kolefonna gjekk over vegen søndag morgon og vegen har sidan vore stengd