Torsdag var det jomfrutur frå Standal då MS Hopsfjord la frå kai der og sette kursen mot Ulstein Betong og leveransar av ein fullstappa båt med sand og singel.

– Ved å eige ei sandskute har vi ein meir føreseieleg situasjon, og full kontroll over den totale verksemda vår, og på sikt vil det verte meir lønsamt, fortel Asgeir  Standal.

Kapasitet

Det er underkapasitet på frakteskuter i området, og  det har vore vanskeleg å få tak i skuter i yrkedagane. Og når turen har kome til Standal Knuseverk, har Asgeir Standal og dei tilsette måtte nytte mange helgar til å laste innleigde båtar.

– Med eigen båt unngår ein i stor grad dette, noko som er svært positivt, seier Asgeir Standal.

Konkursbu

Han har kjøpt sandskuta frå eit konkursbu i Trøndelag saman med konkurrenten Hanset Sand i Romsdalen. Dei har etablert selskapet Møre Logistikk der dei eig like mykje.

MS Hopsfjord har fått nye maskiner og snart skal båten, som vart bygt i 1984, få ei utvendig renovering og andletsløfting.

– Vi har hatt tre turar med båten og han fungerer prikkfritt, fortel skipper Trond Hage frå Romsdal. Han er nytilsett i selskapet og er strålande nøgd for den måten Asgeir Standal for måten han driv verksemda på.

Sandskuta, som førebels har eit mannskap på fem og ein kapasitet på 1.270 tonn, operer i eit stort område frå Ulstein i sør til Verdal i nord. Leveransane går i hovudsak til betongindustrien, opplyser Hage.

Etter kvart skal det kome skiftordning for sandbåten der åtte tilsette skal innlemmast.

– Vi går heile døgnet og har ei ordning med seks timar på jobb og seks timar fri, fortel Hage.

Omsetjing

Asgeir Standal reknar med at det nye sandskuteselskapet må ha ei omsetjing på 10 millionar i året for at rekneskapen skal sjå bra ut.

Selskapet Standal Knuseverk AS hadde ei omsetning på 20 millionar kroner i fjor innan transport og knuse-verksemd. Bedrifta har åtte årsverk,  der to av dei tilsette er kvinner.

Etterspurnad

– Vi produserte 263.000 tonn sand, singel, grus og pukk på Standal. Vi merkar auka etterspurnad etter støypesand og singel fordi det er stor aktivitet i dei bransjane som etterspør dette.

– Korleis er konkurransesituasjonen?

– Han er svært, svært  hard. I tillegg til oss er det to andre store aktørar i fylket som leverer på båt, seier Standal.

Lovprisar

Han lovprisar vinteren så langt der snøen uteblir.

– Det er omtrent ikkje tele i jorda, og det gjer at vi har produsert også i januar, ein månad der vi normalt ikkje gjer det. I fjor var det jo mykje snø og tjukk tele på denne tida, minnest Asgeir Standal.