Han var sporty kledd for friluftsliv, men var utan bikkje. Men kva i all verda gjer statsråden i samferdselsdepartementet på NM i gjetarhund? Har han gått feil? Burde han ikkje vore på Stortinget og forsvart statsbudsjettet?

- Budsjettet er så godt at vi slepp å forsvare det, humrar Jon Georg medan frostrøyken står rett ut av kjeften hans.

Det mange kanskje ikkje veit er at Framstegspartiet sin statssekretær for samferdselssaker kjem frå ein gard i Dalsfjorden der dei fram til no har drive med sauer. Ikkje berre det: Jon Georg var i yngre alder ein ihuga brukar av gjetarhund, og han har delteke på ei rekkje tevlingar.

- Å drive med gjetarhund er steike moro. Eg starta med dette i 1998. Den første hunden min kjøpte eg av Odd Bjarne Bjørdal, fortel Jon Georg.

Han vart såpass god til å handtere gjetarhundar at han i 2001 gjekk heilt til topps i fylkesmeisterskapen.  I 2008 selde dalsfjordingen den siste hunden sin. Men han er framleis særs interessert i samspelet mellom gjetarhund og sau.

- Nivået i dag er ein del betre enn då eg heldt på. Det er imponerande å sjå korleis deltakarane handterer hundane. Gjetarhundane klarer også å jobbe mot instinkta sine, det seier mykje om den høge intelligensen deira, opplever Jon Georg. Han meiner gjetarhundar for dei aktive sauebøndene er like viktige som traktoren på garden.

Fanfare

Mykje folk var samla på Øy då startskotret for NM gjekk fredag morgon. I løpet av helga er det venta kring 150 tilreisande hundeeigarar frå heile landet.

- Alt ligg til rette for ein god meisterskap, fortalde stemneleiar Odd Bjarne Bjørdal etter at fanfaren og opningsorda frå ordførar Rune Hovde hadde vorte forkynt i gråveret fredag morgon.

Kring 90 hundar deltek i konkurransen som har innleiande runder fredag og laurdag. Dei seksten beste skal delta i finalen søndag ettermiddag.