SpareBank 1 Søre Sunnmøre fekk eit konsernresultat før tapog skatt i 2013 på121,5 millionar kroner mot 71 millionar kroner i 2012. Etter skatt og avskrivingar er resultatet på 79,4 millionar kroner, mot 29,8 millionar kroner i 2012.

- I innovasjonskraft er fleire kommunar i vårtområde i landstoppen. Dette bidreg til tilflytting, befolkningsvekst og godeutsikter i bustadmarknaden. Dette viser seg igjen også i banken sitt resultat.SpareBank 1 Søre Sunnmøre sitt resultat for 2013 er godt og prega av godkundeaktivitet, god inntektsutvikling, stabil rentenetto og moderate tap, ogkostnadskontroll. I år erdet spesielt auke i provisjonsinntekter og netto avkastning på finansielleinvesteringar som gjev størst auke i resultatet. Underliggande bankdrift synerogså betring mot tidlegare, seier administrerande direktør Solveig Midtbø.

Forretningskapitalinkl. Boligkreditt er pr. 31.12.2013 på 9.728 millionar kroner, og viser ei godutvikling.

- SpareBank1 Søre Sunnmøre sin finansielle posisjon er god. Av bankens totaleutlånsportefølje utgjer lån til personmarknaden heile 70,5 prosent, medanutlånsveksten i dette segmentet var på 12,0% i 2013, heiter det i ei pressemlding frå banken.

Tap

Tap relatert tilpersonmarknaden er svært lav i 2013.

- Netto utlånstap er på 22,5 mill. mot 32,8millionar året før. Det er i 2013 gjort nedskrivingar på aksjar med 3,2millionar kroner i morbank. Banken har ei innskotsdekning på 71,8%, mot 68,4 i2012. Rentenetto i prosent av forvaltingskapital er på 1,50% i 2013 (1,53%).Provisjonsinntekter og netto avkastning på finansielle investeringar har gåttopp vesentleg, heiter det frå banken.

- Bankenoppfyller alle gjeldande regulatoriske kapitalkrav, og er i ferd med åposisjonere seg mot nye krav som er venta dei næraste åra, seier økonomi- ogfinanssjef Per Olav Opsal.

Kapitaldekningai morbank er på 16,47%. Rein kjernekapitadekning er pr. 31.12.2013 på 12,67%.

Eigenkapitalrentabilitetenetter skatt i morbank er 12,6%, noko som er tilfredsstillande, går det fram av banken si pressemelding.