Kjære huseigar: No er det på tide å klippe hekk og buskar!

Dette er meldinga ei rekkje huseigarar i Volda no har fått i postkassa si frå kommunen. Årsaka er å betre trafikktryggleiken langs offentleg veg.

– Med heimel i grannelova § 12 gjev Volda kommune med dette varsel om at hekkar, buskar og tre som veks inn over Volda kommune sitt vegareal må fjernast av grunneigar, skriv kommunen sine folk.

Dei gjer det klart:

– Hekk, buskar og tre må ikkje skjule vegmerking, trafikkskilt, gatenamnskilt, gatebelysning eller anna vegutstyr.

Og vidare:

– Alle skal kunne sjå eit born på trehjulssykkel frå alle retningar, og kunne stanse for alle mogelege farer eller hindringar. Hekk eller buskar ved din eigedom hindrar fri sikt, og er ein fare for trafikktryggleiken. Hekk /buskar ved din eigedom skjuler vegmerking/trafikkskilt/gatenamnskilt /eller gatebelysning. Hekk /buskar ved din eigedom er til hinder for maskiner som skal reingjere /brøyte eller strø, heiter det i fellesbrevet til ei rekkje grunneigarar.

Dei som har fått brevet frå kommunen får frist på seg å ordne opp med hekkar og buskar innan to månader.

Kommunen rosar huseigarane i slutten av brevet:

– Takk for at du gjer ein innsats for å hindre trafikkulykker i Volda kommune!