Ørsta kommune skriv på si heimeside at dei gjerne vil ha innspel til trafikktryggingstiltak i kommunen.

Kommunen skriv:

«Kommunen skal vere ein trygg stad å bu, og vi ynskjer å førebyggje og redusere trafikkulykker. Vi inviterer deg som bur i kommunen til å melde inn informasjon om punkt og strekningar som blir opplevd som utrygge. Send inn skildring, helst med kartutsnitt og/eller bilete.

Frist for innsending er 18. oktober, og innspela skal bli vurderte i Samfunnsutvalet sitt neste møte, som vert arrangert 25. oktober.