11. september er det kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg. Skal partiet ditt stille liste til valet, er det viktig å starte førebuingane no.

Fristen for å levere listeforslag er 31. mars klokka 12 på føremiddagen. Vallova seier at lister som vert levert etter dette tidspunktet, ikkje vert godkjende.

Eit listeforslag er ei rangert oversikt over kandidatar som stiller til val for eit parti eller ei gruppe, informerer Ørsta kommune om på si heimeside. Der er det også lista opp korleis folk skal gå fram for å kunne stille ei liste til valet.

– Denne rettleiinga er ikkje uttømmande. Ta kontakt med valansvarleg om du har spørsmål eller noko er uklart, heiter det frå Ørsta kommune.