– Vi veit at det er mange problematiske kjemikaliar i plast. Desse utgjer ein trussel mot både vår eiga helse og miljøet. Difor må vi gjere plasten trygg og berekraftig, seier professor Martin Wagner ved Institutt for biologi ved NTNU til forskingsnettstaden gemini.no.

Wagner er hovudforfattar og koordinator av ein ny internasjonal rapport som gir heilt essensiell vitskapleg informasjon om kjemikaliar i plast slik at vi kan framstille tryggare plast i framtida.

Dette er i takt med FN sitt mål om å redusere plastureining og å utvikle sikrare og meir berekraftig plast. Ein tidlegare plastrapport frå FN identifiserte 13.000 plastkjemikaliar, men den nye rapporten viser at talet heller er nærare 16.000.

Den ferske rapporten viser også at minst 4200 plastkjemikaliar utgjer ein fare for helsa og miljøet og 400 av desse finst i alle typar plast, inkludert plast til innpakking av mat.

– Vi kan berre handtere plastproblemet om vi tek omsyn til kjemikaliane i plasten og tek oss av dei på forsvarleg vis, seier Wagner.

I rapporten tilrår forskarane mellom anna å regulere bruken av problematiske stoff i plasten, skape meir openheit rundt kva kjemikaliar som vert brukte i plastproduksjonen og å gjere plasten mindre komplisert slik at vi slepp å ha med så mange ulike kjemikaliar å gjere.

(©NPK)