Tal frå SSB fortel at det finst 445.000 hytter og fritidsbustader her i landet, og at dei altså i snitt står tomme i 305 dagar i året. Samtidig vart det ifølgje Prognosesenteret omsett 4 prosent færre fritidsbustader i 2022 enn i 2019. Likevel er det framleis mange som trur det er vanskeleg å få leigd ut hytta si utanom høgsesong, fortel Marianne Tveito, som er hytteansvarleg i Inatur AS, i ei pressemelding.
Tveito meiner mange hytteeigarar går glipp av store leigeinntekter, fordi dei ikkje er klar over at enkle hytter nær større byar og nær sjøen er attraktive leigeobjekt heile året. Ifølgje ho har interessa for det enkle hyttelivet fått eit kraftig oppsving, og det er særleg nordmenn under 35 år som er svært positive til deling og leige:
– Fleirtalet av dei ti mest populære hyttene på Inatur har ikkje innlagt straum og vatn, men solceller og utedo. Plassering og nærleik til naturen ser ut til å vere viktigare for kundane våre, enn hytter med bustadstandard, seier ho.
Også hytter langt frå sjøen kan vere attraktive heile året. Enkel tilgjengelegheit, flott natur og gjerne moglegheiter for jakt, fiske eller sanking er nøkkelord.
– Nordmenn er meir klar over fordelane med delingsøkonomi enn før. Å leige ut og bu i husa og hyttene til andre kjennest ikkje lenger så rart. Fleire hytteeigarar fortel også at dei liker å la andre bruke den hytta dei sjølv er så glad i, når dei ikkje bruker ho sjølv, seier Tveito.
(©NPK)