Konturane av sommar er her, snart er det 17. mai - og salet av softis er i gang for fullt.

Også bensinstasjonar sel softis. Circle K har sendt ut ei pressemelding der dei fortel at det var Circle K sin stasjon i Sunndal som i fjor selde flest softis av alle Circle C-stasjonane her i fylket. Denne stasjonen selde 7.482 softis i fjor.

Men ørstingane likar is dei også: Og på andreplass kom Circle K i Ørsta. Dei selde 6912 softis. På plassen etter kom Circle K Volda med 5765 selde softis.

– I løpet av året sel Circle K meir enn 35 000 softis i Møre og Romsdal, går det fram av pressemeldinga.

Millionsal

– Totalt serverte vi 948 937 softis i kjeks eller beger på stasjonane våre i løpet av fjoråret. Etterspørselen er stor i alle delar av landet, og særleg når sola skin går det unna med softissalet, seier Mia Cathrine Tveit Stoknes.

Ho leiar kategori- og butikkutvikling i Circle K Norge.

Men kva er egentleg ein god softis?

– Du skal kjenne den gode fløtesmaken. Isen skal vere frisk, og ikkje for mektig. Temperaturen må vere rett, både av omsyn til konsistens og smak. Og så må isen ikkje vere kornete.

Det seier ho som sel flest softis i heile landet, Helén Windsvoll ved Circle K Heddal, utanfor Notodden i Telemark, ifølgje pressemeldinga.

Dei seks på topp innan softis i Møre og Romsdal:

1. Circle K Sunndalsøra (7482 is)

2. Circle K Ørsta (6912)

3. Circle K Volda (5765)

4. Circle K Hareid (4494)

5. Circle K Åndalsnes (3489)

6. Circle K Brattvåg (3017 is)