Det seier Jon Egil Finnes. Han bur på Finnes inst i Hjørundfjorden, og har hatt god hjelp i M/S Hjørundfjord denne veka.

For med båten har han og sambygdingane kunne kome seg på arbeid, skule og gjort naudsynt handel når landevegen har vore stengt.Torsdag morgon skjedde nemleg det som ofte skjer for bygdene inst i Hjørundfjord.

Eit skred sperra fylkesvegen ved Bueide. Skjåstaddalen, Bjørke, Leira og Viddal var isolert.

– Då var det berre å organisere skyssbåten, fortel Ola Perry Saure. Han bur på Saure i Skjåstaddalen, og var torsdag morgon paradoksalt nok på veg til eit møte i Ørsta som nettopp skulle handle om framtida til skyssbåten og ferja på Hjørundfjorden.

Saure kom seg ikkje til møtet, for han var på feil side av snøskredet.

I samråd med ordførar Stein Aam sette han i gang beredskapsapparatet. Med isolerte bygder er det skyssbåten M/S Hjørundfjord som er livsnerven. Det vart sett opp båtruter til og frå Sæbø både torsdag, fredag og laurdag. Laurdag vart vegen opna att, og Møre-Nytt var med på den siste turen, då Bjørke-folket reiste til Sæbø for å hente bilane sine.

– Eg har hatt bil parkert på Sæbø. Eg var på arbeid i Dalsfjorden då raset gjekk. Med å parkere på Sæbø, og ta M/S Hjørundfjord til Bjørke, kunne eg kome meg heim, fortel Jon Egil Finnes.

På dei tre dagane har om lag seksti personar nytta skyssbåten.

– Fredag var det til dømes mange som tok turen til Sæbø for helgehandelen, fortel Saure.

Han er glad for at det no skal kome eit fastare opplegg for skyssbåten som beredskapsbåt.

– Vi må ha betre rutinar. Desse dagane har vist oss at SMS og Møre-Nytt si nettavis har vore dei beste informasjonskanalane. For seinare hendingar, og dette vil skje igjen, bør vi ha faste rutetider slik at folk veit når båten går, seier Saure.

Han og bygdefolket er uansett glade for at det i nokre vanskelege dagar er eit tilbod som skyssbåten.

PS: Fylkesvegen mellom Leira og Viddal var også stengd i lange periodar tidleg denne veka. Også då vart skyssbåten redninga for innbyggjarane på Viddal.

Les også intervju med leiaren i samferdselsutvalet i fylkeskommunen, som lovar å sikre eit godt ferje- og båttilbod.