- Turgruppa ved Viketunet gjer eit viktig arbeid, heilt i tråd med statuttane for legatet, som i §1 slår fast at  det skal delast ut til ”tiltak som fremmer psykist helse for innbyggerne i Ørsta kommune”, seier ordførar Rune Hovde.

Styret har i oppdrag å dele ut  midlar tilsvarande avkastinga på legatet. Det er no 3 år sidan siste utdeling, og årets gåve svarar om lag til avkastinga desse åra.