Det er kald novembermorgon i Ørsta. På trappa til huset han bygde i Vikegeila for 50 år sidan, står han og ventar. Han inviterer inn til ei varm og lun stove, full av mange minne frå eit langt liv. Utsikta frå stovevindauget viser blå himmel over Ørsta og Hovdebygda, og ei aning frostrøyk over Ørstafjorden.

Jon Laurits Kornberg, gamledoktoren i Ørsta, vart fødd i Volda 2.april 1926. Han vaks opp på Rotset som nummer to ein søskenflokk på åtte. Frå 1924 til 1934 kom sju av dei til verda, medan attpåklatten kom sju år seinare. I dei harde 30-åra hadde foreldra nok med å få endane til å møtast, det var tøffe tider økonomisk. Så kom andre verdskrigen. Jon var 14 år, ferdig med barneskulen, og han ville gjerne gå vidare på skule. Men faren tykte ikkje skulegang kunne vere noko for Jon. Dei andre søskena hadde heller ikkje interesse for bokleg lærdom, og både dei og Jon måtte ut i arbeid. Han fekk seg jobb på Åslid Møbelfabrikk som heldt til ved Øyraelva og i hovudsak produserte soveromsmøblar. Her var han eit år og gjekk i lære som møbeltapetserar.

- Kvar dag på Åslidfabrikken såg eg gjennom vindauga dei andre borna på min alder som gjekk forbi på veg til skulen. Eg skulle gjerne ha vore ein av dei.

Etter eit år på Åslid, fekk han likevel, med god støtte frå mor si, lov til å starte på vidaregåande skule. «Når du ikkje kan trivast med noko anna, så får du berre byrje», var meldinga frå faren. Jon tok dermed til på 5-årig landsgymnas i Volda, og var russ i 1946. Desse krigsåra på skule i Volda var spesielle. Sjølv om krigen sette sitt preg på organisasjonsliv og aktivitetar, og det var rasjoneringskort og restriksjonar på mykje, var det ei fin tid og elevane vart ein samansveisa gjeng. To dagar i veka fekk dei til dømes svenskesuppe. Den eine dagen havresuppe, den andre ertersuppe eller brennsnut med litt kjøt i. Så sjølv om det kunne vere mangel på mykje, leid verken lærarar eller elevar noka naud.

Medisin

I 1946 var Jon 20 år. Han søkte på NTH i Trondheim, kom inn og gjorde seg klar til å studere til maskiningeniør. Før han kunne ta til, måtte han ha praksis frå fabrikk. Han jobba difor tre månadar på Volda Støyperi, og deretter tre månadar ved Nyland Verksted i Bjørvika i Oslo. I Volda produserte støyperiet mellom anna maskindeler til båtmotorar som vart laga ved Volda Motorfabrikk, medan dei på Nyland Verksted dreiv med skipsbygging. Dette var god praksis for ein som sikta seg inn på ingeniørstudiet i Trondheim.

Så var det tid for militærteneste i flyvåpenet på Værnes, og det var medan han var her det kom telefon frå Oslo om at han var komen inn på medisinstudiet.

- Eg hadde endra innstilling den våren, og søkte i det stille på medisinstudiet i Oslo som eit alternativ til NTH. Eg ville arbeide med menneske, eg ville ikkje arbeide med harde og livlause ting. Eg kjende at det låg ikkje heilt for meg. Då telefonen kom, gjekk eg straks til sjefen min i det militæret og sa frå, og bad om å bli dimittert for å kunne reise til Oslo til medisinstudiet. Det var dette eg verkeleg ville. Og reise fekk eg.

Slik gjekk det til at Jon Kornberg kom til Oslo for å studere medisin. Korleis han skulle finansiere studiet var derimot eit ope spørsmål.

Første året med Lånekasse

- Eg var blakk då eg kom til Oslo, men visste at Lånekassen skulle starte opp i november og eg hadde søkt om lån på førehand. Frå august til november måtte eg klare meg sjølv, og eg fekk låne 350 kroner av ein slektning av mor. Då november kom, fekk eg 1.900 kroner i lån frå Lånekassen, og det skulle vare heile studieåret. Dette var lånetaksten den gongen, og det klarte vi oss på. Hadde det ikkje vore for Lånekassen, ville eg truleg ikkje klart å gjennomføre studiet. Det var 2200 norske menn og kvinner som fekk studiestøtte dette første året i Lånekassen si historie. Dei fleste skulle verte lækjarar eller tannlækjarar.

Etter 2,5 år tok Jon eksamen i 1.avdeling medisin, og reiste så til Bergen for å fullføre det seks år lange studiet. Eit halvår i København for å studere auge, øyre, nase og hals var også ein del av studiet og ei oppleving i seg sjølv.

Han vart uteksaminert i 1953. Då var han doktor, og hadde råd til å kjøpe sin første dress. Han hadde gifta seg med Marie Brusdal frå Åmdal, og dei hadde fått sonen Rolf året før.

Marie møtte han i 1945. Då kom ho til Volda som hushjelp, og dei vart fort eit par. I 1947 forlova dei seg, og giftarmålet stod i 1949.

Ut i praksis og jobb

Etter fullført studium og 17.000 kroner i studielån, var det viktig å skaffe seg arbeid. Dette var før ordninga med turnusteneste kom i gang, men praksis måtte lækjarane ha. I Måløy fekk Jon naudsynt praksis i eit år, og deretter vart det eit vikariat i Måsøy legedistrikt i Finnmark. Ved flymedisinsk institutt i Oslo fullførte han så endeleg militærtenesta han avbraut i Trondheim, og så dukka det opp eit ledig vikariat i Ørsta. Reinhard Myklebust hadde vorte sjuk, og praksisen hans vart utleigd. Jon og Marie reiste attende til Sunnmøre, og slo seg ned i Ørsta. Den vesle familien hadde blitt fire. Inger Johanne vart fødd i 1958. Dei bygde seg hus på Vallabøen, eit av dei første husa som vart sette opp her. Så vart det eit år på Volda sjukehus, før han etablerte sin eigen praksis i Sverre Barstad-huset i Ørsta. Kort tid etter fekk han tilbod om å ta over som distrikstlækjar i Haram og Vatne, og han tok til der i 1960. Her vart han i fem år.

Tilbake til Ørsta

Distrikstlækjarstillinga i Ørsta vart ledig i 1965, og Jon fekk jobben. Han og Marie flytte tilbake til Ørsta. Og no var dei fem. Marianne kom til verda i 1961, og det vart ny husbygging, denne gongen i Vikegeila. Huset vart tilrettelagt for Marianne, som var fødd med muskelsvinn og trengde hjelp og pleie. Sjukdomen til Marianne har prega livet til familien. Ho vart berre 35 år, og budde heime så lenge ho levde.

- Marianne trengde hjelp til det meste, men ho var intelligent, tok lærarskulen, og var ein interessant samtalepartnar. Vi la til rette heimen vår for at ho skulle kunne bu her saman med oss. Det var ikkje aktuelt å sende henne på institusjon, sjølv om det var mange som meinte at det ville vere det beste. Det var arbeidskrevjande, men Marie og eg klarte det i fellesskap, med hjelp frå heimesjukepleia.

Eldstemann Rolf er lektor på Volda vidaregåande skule, og Inger-Johanne vart lækjar, som faren, og bur i Sverige.

Fire barnebarn og fem oldebarn har også kome til.

Jobben som distriktslækjar i Ørsta hadde Jon i 19 år, så lenge denne ordninga var i funksjon. Han var også Helserådordførar i denne perioden. Det var ein omfattande jobb, med tilsyn av til dømes institusjonar som skular og sjukeheimar, og mykje administrativt arbeid. Sjølve pasientbehandlinga var berre ein liten del av jobben. Det var stor utvikling på alle område denne tida, og i 1984 vart ordninga med distrikslækjar oppheva.

- Då vart eg kommunearbeidar, humrar han. – og det var i grunnen ei lette å verte allmennlækjar. Då fekk eg tid til å behandle pasientar igjen.

Og kommunetilsett var han etter dette, som allmennlækjar og tilsynslækjar ved sjukeheimane, heilt til han gjekk av som 70-åring i 1996.

I sitt 92. år, er Jon framleis ein sprek og oppegåande kar. Nesten uforskamma sprek etter alderen. Klar i tanken, sjølv om han sjølv meiner at han hugsar dårleg, og lett på foten. Han bur heime, og kommunen kjem med middag til han. Det er han godt nøgd med.

- Eg skal bu her så lenge eg lever, seier han. Elles burde alle hatt ein hobby. Det er faktisk veldig viktig. Eg har aldri hatt tid til nokon hobby sjølv tidlegare, men no reiser eg mykje saman med gode vener, både nært og fjernt. Og så les eg god litteratur, som eg aldri har teke meg tid til før.

- Det er godt å leve og bu i Ørsta, konkluderer han, gamledoktoren.