Det viser resultatet av innbyggjargranskinga Opinion AS har gjennomført på vegner av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Det er 42 prosent av innbyggjarane som har svara at dei vil til Nye Volda kommune, medan tre prosent har svara veit ikkje. Svarprosenten i innbyggjargranskinga er på 89.

Førebelse resultat

Fylkesmannen i Møre og Romsdal presiserer at resultata er førebelse.

– Endeleg sluttrapport frå Opinion kjem i veke seks, då vil ein få dei endelege resultata med forklaringar. Vi offentleggjer dei foreløpige resultata på bakgrunn av førespurnad frå kommunane, heiter det frå fylkesmannen.

Opinion, som er ansvarleg for sjølve undersøkinga, melder at det er lite truleg at hovudfunna som blir presentert i veke seks vil vere vesentleg forskjellig frå det foreløpige resultatet.

– Fylkesmannen har oppfordra innbyggarane til å delta i undersøkinga og vi er svært nøgd med svarprosenten, melder fylkesmannen.

Ikkje overraska

Leiar i Bjørke grendelag, Svein Magne Homberset Skjåstad seier han ikkje er overraska over resultatet.

– Det var omtrent på prosenten i samsvar med tipset eg kom med på førehand, seier Homberset Skjåstad.

No meiner han rådet må lyttast til frå fylkesmannen si side. Fylkesmannen har tidlegare gjort det klart at resultatet frå innbyggjargranskinga er eit av fleire moment som vil telje når han skal kome med si tilråding.

– Grendelaget har ikkje vore part i denne saka etter at vi sjølve vart fråkopla då det vart eit eige initiativ om grensejustering. Men då vi innleidde prosessen i fjor, var vi klare på at fleirtalet sitt syn måtte råde, og det same kva syn som fekk fleirtal, seier Skjåstad Homberset.

Ordføraren glad

– Eg er svært glad over resultatet, og med eit så klart ja-fleirtal for å verte verande i Ørsta, meiner eg at både fylkesmannen og kommunalminister Monica Mæland må lytte til dette, seier ordførar Stein Aam.

Ørsta kommune har frist til 1. mars med å kome med si fråsegn, og Aam reknar no med at kommunestyret gjer vedtak om at Bjørke og Viddal krinsar vert verande i Ørsta.

– Faktisk utgjer Viddal og Bjørke ein femdel av arealet i Ørsta kommune, og det er også eit argument for at krinsane vert verande i Ørsta. Og vi får framleis ha Kviteggja som det høgste fjellet i kommunen. Det er viktig at Hjørundfjorden er samla i ein kommune, seier Aam.

Berre eitt av fleire moment

Leiar i Nye Volda kommune Stig Olav Lødemel, seier i ein kommentar at innbyggjargranskinga berre er ein del av saka.

– Vi veit av erfaring at spørjeundersøkinga berre er eit av fleire moment som vert vurdert i ei grensejusteringssak, alle desse ulike momenta fører saman til ein konklusjon som i dag er ukjent for oss, kommenterer Lødemel.

Han er glad for ei høg valdeltaking, men peikar på at det er eit delt syn på kva som er det beste for framtidige generasjonar.

– I og med at ei eventuell grensejustering vert gjeldande for framtida vert det spennande og interessant å sjå korleis dei ulike alderskategoriane fordeler seg i spørjeundersøkinga, seier Lødemel.

- Klar tale

Kommunestyrepolitikar Ola Perry Saure (Sp) i Ørsta, og gardbrukar i Skjåstaddalen, er nøgd med resultatet.

– Dette var klar tale frå bygdefolket. Eg forventar at fylkesmannen følgjer fleirtalet, seier Saure.

- Bygdene kan ikkje ignorerast

Torbjørn Saure Hoel var ein av initiativtakarane til grensejusteringsprosessen.

– Resultata viser at vi ikkje var nokre få rebellar som bad om denne prosessen i samsvar med inndelingslova. Resultatet syner at mange i bygda meiner som oss, seier Saure Hoel.

Han seier han ikkje har noko formeining om kva fylkesmannen no vil gjere.

– Eg trur at det viktigaste i denne prosessen har vore engasjementet, at bygda har sett i gang demokratiske prosessar, og at bygdene ikkje lenger kan ignorerast. Vi vil få det godt, uansett kva kommune vi høyrer til, seier Saure Hoel.

Ikkje overraska: Leiar Svein Magne Homberset Skjåstad i Bjørke grendelag.
Nøgd: Ola Perry Saure meiner resultatet er klar tale. Foto: Janne-Marit M. Falch