(NPK-NTB): Ifølgje instituttet har laboratoriebekrefta influensa auka markant og det har vore ein kraftig auke i talet på påviste influensa A- og B-tilfelle dei siste vekene.

Det er venta at utbrotet fortset å auke i vekene rundt jul og nyttår, men sjølve toppen er truleg ikkje nådd før i januar. På landsbasis er det no likt tal på influensa A (H3N2)- og influensa B-tilfelle.

– Influensa-B-viruset som no er i sirkulasjon, er ikkje det same som er i vaksinane, så vi ventar låg til moderat effekt av vaksinen i år, seier seniorrådgjevar Ragnhild Tønnessen i Folkehelseinstituttet til Aftenposten.

A-viruset som forårsakar halvparten av influensatilfella er det same som i fjor. Det er difor venta at ein del av befolkninga er beskytta mot dette frå før.

Så langt har fleirtalet av fylka låg influensaaktivitet. Sidan oktober er det meldt om to influensautbrot i helseinstitusjonar.