Det er nødvendig: Den tradisjonsrike industribedrifta i Hovdebygda går så det susar, ordremengda er stor og det går mot eit svært godt år for bedrifta som må tilsetje meir folk framover.

– No har vi ordrereservar for kring seksti millionar. Men vi jobbar med fleire større prosjekt, og går det slik vi vonar, vil ordrereservane kunne verte langt større, fortel dagleg leiar Bjørn Meek.

Bedrifta har hatt trong for å utvide produksjonsarealet, og no har PE Bjørdal fått ferdig ein ny produksjonshall på nær tusen kvadrat. I tillegg har bedrifta rusta opp og utvida kontoravdelinga. Investeringane kostar nær femten millionar.

– No disponerer vi 3.500 areal for produksjon og nær 700 kva for administrasjonen, fortel Meek. Bedrifta har bygt hallen sjølv, men har leigd inn lokale firma.

Imponert: Ordførar Stein Aam er imponert over det PE Bjørdal har fått til. Dagleg leiar Bjørn Meek skryt av dei tilsette sin innsats.

Kraner

Den nye hallen har to traverskraner med ein kapasitet på to tonn kvar. Dette gjer at PE Bjørdal no kan handtere større komponentar enn tidlegare.

– Vi har lagt til rette for ytterlegare vekst framover, fortel Meek.

Bedrifta hadde i fjor ein reduksjon i omsetninga frå vel 83 millionar i 2016 til 68 millionar i 2017. Men dette var venta.

– Fjoråret var eit år der vi rusta oss for den veksten vi ventar. I år budsjetterer vi med eit sal på 85 millionar, og vi sel både i Noreg og i utlandet, fortel Bjørn Meek.

Veksten gjer at Bjørdal har utvida staben, og siste to åra har åtte nye personar kome på plass i administrasjonen.

– Dette er ein del av strategien for å få vekst. Framover må vi både ha fleire tilsette og vi må investere i meir utstyr, fortel Meek. Bedrifta har atten tilsette i produksjonen og like mange i administrasjonen. I tillegg kjem fem innleigde arbeidarar. Mellom anna skal det kjøpast inn avanserte laserar til bedrifta som satsar innan fiskeri, havbruk, oppdrett og konstruksjonar. Lokalt leverer Bjørdal til m.a. Profunda sitt nyanlegg i Barstadvik. PE Bjørdal har også signert kontrakt med reiarlaget Alta Fiskeriselskap for levering av ein komplett fabrikk til fiskebåten «Jens Kristian». Utanlands skal bedrifta levere fabrikken til ein russisk krabbefiskar. Leveransar av notvaskarar for oppdrettsanlegg er også eit område Bjørdal lukkast med.

Fest

Både tilsette og tidlegare tilsette var invitert til industrifesten fredag. Der kunne ordførar Stein Aam fortelje at det var hos PE Bjørdal yrkeskarrieren hans starta.

– Eg køyrde på jobb med motorsykkel frå Vatne. På Bjørdal var eg både «mobbeoffer» og sjarmtroll. Eg måtte ha med meg seksten brødskiver og ei flaske mjølk for å halde det gåpande ein arbeidsdag, mintest Aam med glimt i auga.

Han var imponert over det PE Bjørdal har fått til.

– Det er gjennom slike bedrifter vi klarer å byggje bygda vår. Det er viktig å ta vare på fagarbeidarane i industrikommunen Ørsta, slo ordføraren fast.

Leif Petter Øyehaug spelte trompetsolo under markeringa. Ein dyktig musikar viste prublikum at den nye hallen også har glimrande akustikk.

ny hall: PE Bjørdal står no endå betre rusta for å handtere volumkrevjande oppdrag etter at den nye hallen er bygt. Foto: Roy-Arne Folkestad