- Ambulansestasjonen ved Volda sjukehus har eit avvik knytt til dei fysiske arbeidsforholda som tilseier stenging på grunn av brot på arbeidsmiljølova. Dette har vore kjent lenge, og vi har drifta på dispensasjon i og med at det har vorte jobba med å skaffe ein ny stasjon, seier Kjersti Bergjord til Møre-Nytt.
Ho er klinikksjef for klinikk for akuttbehandling i Helse Møre og Romsdal.
Det var avisa Møre som først omtalte saka.
Det har vore utarbeidd ein beredskapsanalyse som viser at delar av innbyggjarane i Ørsta kommune ikkje kan nås med ambulanse innanfor nasjonale anbefalingar om responstid.
- Det optimale beredskapspunktet er i Hovdebygda, seier Bergjord.
Det er også teke høgde for dekningsområde for innbyggjarar i Hornindal, som vert slått saman med Volda kommune frå 2020.
- Med bakgrunn i dialogen vi har hatt med Volda kommune i denne prosessen, valde vi å legge inn ein ekstra analyse som inneheld Voldatunnelen. Denne analysen viser at plassering i Hovdebygda/Ryste vil gjere at ambulansen når enda fleire av innbyggjarane i desse to kommunane innanfor nasjonale krav om responstid - noko som ytterlegare stadfestar at ny ambulansestasjon bør vere plassert i Hovdebygda.
Anbodspapira vil gå ut i løpet av kort tid, og kravspesifikasjonar vil bli gått gjennom av seksjonsleiar, tillitsvald og verneombod i Volda.